Hopp til innhold

Sogndal meir rosa enn nokon gong

Spelarane sjølve tykkjer det vert litt flaut å stilla i tredjedrakta.

- Det kjem til å verta ramaskrik. No skal me venta litt, for dei er nervøse for å visa seg fram i dette. Men her er dei, i rosa-rosa. Henrik kler drakta ekstremt godt, trass i at han er litt vinterbleik, seier Rasmus Mo, markarknadssjef i Sogndal fotball, under dagens lansering av sogndaldraktene.

Aggresjonsdempande effekt

Tredjedrakta til Sogndal var lilla no denne sesongen, limegrøn i 2008/2009 og litt mindre rosa i 2007/2008.

Tor Stian England og Henrik Furebotn

Ivrig Sogndalsupportar Tor Stian England saman med Henrik Furebotn i den nye drakta

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Henrik Furebotn, ein av manekengane for dagen, var svært spent før han skulle visa fram dei nye draktene.

- Det var nesten meir nerver no når eg skulle gå opp her enn før eg skal ut og spela kamp.

- Den rosa fargen skal visst nok ha eit psykologisk aspekt ved å verka aggresjonsdempande på motstandaren?

- Det har ikkje eg merka så mykje til.

- Korleis er det å vera aggressiv midtbanespelar i ein slik farge?

- Eg kjem kanskje til å verta redd for at det skal koma grønske på drakta. Nei då, eg gjev jernet, uansett drakt.

- Halvflaut å gå på bana

Arve Uglum og Espen Olsen

Espen Olsen fann det tryggast å stilla i grått under dagens draktlansering

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Espen Olsen har heller ikkje rosa som favorittfarge.

- Den var veldig, veldig rosa. Så eg håpar me ikkje skal bruka bruka drakta alt for ofte, fleipar toppskåraren.

Som vanleg spelar Sogndal i kvit fyrstedrakt og svart andredrakt, rett nok med limegrøne umbroemblem. Olsen var svært begeistra over den.

- Eg syns ikkje rosa er den mest stilige draktfargen. Men den svarte var kul.

Trass i at rosa vart brukt også for tre år sidan så sogndalspelarane er vande med farge, meiner Olsen 2011-utgåva er vêl så dryg.

- Den var ikkje så rosa den gongen, og eg tykte det var litt småflaut å gå ut på bana då. Men det er jo kjempebra for klubben med merksemda drakta gjev.

- Får de kommentarar av motspelarane når de stiller opp i den rosa drakta?

- Ja, då fekk eg det i alle fall. Me spelte mellom anna mot gamleklubben min Start, og drakta var svært populært blant spelarane der. Så det vart litt feminine hint og kommentarar, ler Olsen.

- Viss motstandarane har det fokuset, vert sjansane våre større, repliserer dagleg leiar i Sogndal fotball, Egil Mundal.

- Me får sjå kva Klanen finn på til oss

Egil Mundal

Posituren til dagleg leiar i Sogndal fotball, Egil Mundal, er meir macho enn drakta spelarane hans skal ha på seg

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Han fortel salet av drakta har gått strykande, alt før dagens lansering.

- Me har seld bortimot hundre drakter per førehandssal på nettet før nokon visste fargen. Eg trur faktisk både den førre rosa, dei limegrøne og lilla draktene har seld betre enn den kvite heimedrakta.

- Men er det ikkje litt lite kreativt å koma opp att med rosa ei gong til?

- Det kan du seia, men me fekk mange tilbakemeldingar på at det var folk som ikkje fekk tak i den rosa sist. Så når me no kom opp att i eliteserien, tenkte me det var greitt å klinka til med enno meir rosa.

På diskusjonsforum til Vålerenga sin supportarklan dukka det opp kommentarar som "Jeg syns vi skal overlate til bønda å se ut som Barbie-wannabes" sist gong Sogndal stilte i rosa. Det vert neppe betre komande sesong

- No tek me den heilt ut, og så får me sjå kva sang Klanen finn på til oss, seier Mundal.