Hopp til innhold

Vurderer betre skilting

Statens vegvesen i Sogn og Fjordane er fullt klar over at mange utanlandske vogntogsjåførar ikkje veit kva vegar dei legg ut på. Dei vurderer no å setje opp fleire informasjonsskilt.

Trailer står fast

Denne polske traileren stod bom fast på riksveg 5 i Sogndalsdalen tysdag morgon.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

- Dette er ei problemstilling vi er fullt klar over, og vi har no ein diskusjon internt om korleis vi på ein forståeleg og grei måte kan informere sjåførar om kva forhold dei kan vente seg, seier seksjonsleiar Thormod Gausdal i Statens vegvesen.

- Dei må få betre informasjon om vegane

Bussjåfør Bjørn Sæbø i Vik meiner mange utanlandske sjåførar rett og slett veit for lite om vegstrekninga dei legg ut på. Han meiner mange sjåførar som ikkje er lokalkjende vert lurte av kart og GPS og etterlyser difor betre skilting, spesielt ved fjellovergangar og stigningar.

- Då kan ein kanskje få færre tilfelle der vogntogsjåførar legg ut på vegar som dei trur er fornuftige, men som byr på både bratte bakkar og krappe svingar der bilane endar i grøfta, seier Sæbø til NRK.no.

Vurderer betre skilting

Og i vegvesenet er dei klar over at det er ei utfordring å få ut god og tilstrekkeleg informasjon om forholda på norske vintervegar. Spesielt til utanlandske vogntogsjåførar.

- Det er klart at sjåførane har eit ansvar for å gjere ei vurdering av om køyretyet dei fører er godt nok utrusta for dei ulike strekningane. Men frå vår side må vi sjå om vi kan gjere det enklare for dei å vite kva dei går til, seier Gausdal.

Vogntog på riksveg 50

Dette vogntoget vart i byrjinga av november ståande fast i fire timar på riksveg 50 Hol-Aurland.

Foto: NRK-tipsar

Sæbø meiner vegvesenet enkelt kan setje opp skilt ved fjellovergangane som informerer om til dømes at vogntog bør bruke kjettingar, at strekninga er vanskeleg på vinteren og kor bratte bakkane er.

- Dette er noko vi arbeider med, forklarar Gausdal.

Informasjonskampanje på sju språk

Han viser vidare til at vegvesenet i fleire år har hatt ei informasjonskampanje under namnet Donna Diesel. Her får sjåførane utdelt ei brosjyre som fortel om kva ein kan vente seg på norske vintervegar. Informasjonen er tilgjengeleg på sju forskjellige språk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Donna Diesel

Statens vegvesen har i mange år drive informasjonskampanjen 'Donna Diesel'. Der får sjåførane mellom anna utdelt kart som fortel om vegstrekningar som kan vere vanskelege på vinterstid.

Foto: Faksimile: Statens vegvesen

- Her er det mellom anna kart over forskjellige strekningar der vi har gjort greie for kor sjåførane kan vente seg problem, seier Gausdal.

Han meiner vidare at informasjonen om kva som ventar utanlandske sjåførar på norske vintervegar er tilgjengeleg. Men vedgår at den ikkje når ut til mange nok.

Samtidig understrekar han at det framleis er påbode for sjåførane å gjere seg kjende med kva forhold dei ferdast på.

- Men vi skal likevel ikkje leggje oss på den puta og seie at slik er det. Vi må sørgje for betre framkost og tryggleik, så dette er ei utfordring vi tek på alvor, seier Gausdal.