Hopp til innhold

244 lam sporlaust vekke

Bønder på sørsida av Dalsfjorden fortvilar.

Lam

Illustrasjonsbilete

Foto: Bård Fløde

- Eit forferdeleg tal og like ille som i fjor, seier leiar i Fjorden sankelag, John Øvrebø frå Bygstad, til Firda.

Hyrde gjetar

Sjølv har Øvrebø mista 27 av dei 147 lamma som han sleppte på beitet i vår. Og det til trass for at sauebonden hyra gjetar til å passa på sauene, samt at han brukte radiobjøller.

- Gjetaren var til fjells annan kvar dag og eg var sjølv oppi i helgane. Dyra har vore heilt rolege, ingenting mistenkjeleg er funne. Lamma som forsvinn, er berre borte vekk, seier Øvrebø til avisa.

Har observert ørn og rev

Han vil ikkje konkludera med årsaka til forsvinningane av dei til saman 244 lamma i området.

- Men observasjonane som går att er ørn og rev.

Mattilsynet og Fylkesmannen har prøvd tiltak som radiobjøller for å hausta erfaringar som kan klårleggja tapsårsaken sør for Dalsfjorden. Dei har også nytta nye medisinar mot flått og flugemakk.

- Me må analysera om tiltaka me set inn verkar. For 2010 har me ikkje fått alle tapstala frå fylket enno, seier Terje Ramstad, seniorinspektør i Mattilsynet, distriktskontoret for Sunnfjord og ytre Sogn.