Hopp til innhold

Evakuerte i Vik får flytte heim

Dei 36 evakuerte innbyggjarane på Vetleøyri i Vik får flytte heim att.

Steinraset i Vik

Slik ser det ut i lia over bustadane på Vetleøyri i Vik.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Det er klart etter at geologane måndag synfarte området. Geolog Hedda Breien seier familiane no kan få flytte heim.

Tidlegare i dag fekk også fabrikkane Euroskilt og Ørsta Vik melding om at dei kunne gå i gang att med produksjonen .

- Det truleg ikkje meir som vil komme frå rasåra i næraste framtid. No kan dei flytte heim att, seier Breien.

(Artikkelen held fram under biletet)

Raset i Vik.

Geologar var måndag i rasområdet for å vurdere rasfaren.

Foto: Vegar Erstad / NRK

100 kubikk

Geologar synfarte rasområdet frå helikopter. Dei var også oppe i fjellsida for å sjå på blokkene som losna laurdag kveld.

Breien seier det ikkje er noko stort ras, men at blokkene ville gjort stor skade om dei trefte hus. Nokre blokker vart liggande att kring 100 meter over hus.

- Det har kome ned kring 100 kubikkmeter stein. Største blokka er på kring åtte kubikkmeter og dei største som har kome langt ned er på kring ein kubikkmeter, seier geologen.

Video Steinras i Vik

SJÅ: TV-saka frå steinraset i Vik.

Video Endeleg kan dei 36 evakuerte flytte hjeim

Sjå reportasa som gjekk i Vestlandsrevyen 15.november 2010