Hopp til innhold

E39 er verst i landet

E39 gjennom Sogn og Fjordane er den verste vegstrekninga i landet.

E39 i Gaular

VERST: E39 gjennom Sogn og Fjordane er den dårlegaste i landet.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det slår Opplysningsrådet for Veitrafikk (OFV) fast i ein ny rapport.

Rapporten blir lagt fram under ein stor vegkonferanse i Trondheim no til veka.

Omfattande analyse

Ifølgje VG kjem E39 gjennom fylket dårlegast ut, uansett korleis dei ulike kolonnene blir summert i den omfattande undersøkinga.

OFV har overlate tusenvis av data frå Norges vegdatabase til konsulentfirmaet Rambøll som har analysert datane.

Det er på bakrunn av dette at E39 i Sogn og Fjordane hamnar heilt på botnen.

Utvalsleiar: – Langt under stardarden

– Vårt krav er at vi får like god stamvegstandard som dei andre fylka som denne vegen går gjennomm seier leiar i stamvegutvalet, Jenny Følling til VG.

Følling, som også er ordførar i Gaular for Senterpartiet, meiner rikspolitikarane har forsømt E39 lenge nok.

– Vegen ligg langt under stamvegstandar, den ligg langt over på ulykkesstatistikken, og flaskehalsane ligg i kø, seier utvalsleiaren.