Hopp til innhold

Sp-leiarar vil ha storkommune

Lokalleiarane i Senterpartiet, tek til orde for kommunesamanslåing i Sunnfjord. Dei vil ha storkommune for å strykje Førde som fylkessenter.

Storkommune i Indre Sunnfjord

20.000 MENNESKE: Tre av fire Sp-leiarar i Indre Sunnfjord ønskjer storkommune.

Foto: NRK

Turid Håheim Hestad

ØNSKJER DEBATT: Turid Håheim Hestad, leiar i Gaular Senterparti tek til orde for storkommune.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Det er Senterparti-leiarane i Gaular og Naustdal so no, stikk i strid med det som har vore gjennomgangstonen i partiet, vil ta oppatt spørsmålet om kommunesamanslåing med Førde.

Sa nei i 2003

Innbyggjarane i dei fire kommunane Jølster, Gaular, Naustdal og Førde avviste spørsmålet om samanslåing i ei folkerøysting i samband kommune- og fylkestingsvalet i 2003.

Men tidene har forandra seg meiner lokallagsleiarane.

Sterkare region

– Vi treng ein sterkare region, og då må vi stå samla. Viss ein tek Indre Sunnfjord og set ein sirkel rundt, så ser alle - anten dei vil eller ei - at Førde er i midten. Denne kjernen i midten av sirkelen treng ei forsterking for å kunne utvikle seg og stå samla, seier Turid Håheim Hestad, leiar i Gaular Senterparti.

Ho bur på Hestad, ein utkant på nordsida av Dalsfjorden. Fram til 1990 høyrde Hestad til Fjaler. No er senterpartileiaren klar til å endre kommunegrensa igjen, og bli ein del av eit utvida Førde.

Artikkelen held fram.

Førde sentrum

TYNGDEPUNKT: Tida er moden for ein storkommune, meiner Sp-leiarar i nabokommunane til Førde. Dei trur ei større eining vil gi meir vekst.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ikkje-tema i Jølster

Sist veke inviterte Håheim Hestad partitoppane i Naustdal, Førde og Jølster, i tillegg til andre senterpartimedlemmer, til møte om temaet. Og der fekk ho full støtte frå alle med unntak av lokallagsleiare Ingrid Søyland i Jølster.

– I Jølster Senterparti har vi ikkje hatt dette opp som eit tema i det heile tatt. Vi har ikkje diskutert dette veldig grundig. Vi ser ikkje på dette som ei sak, nett no, seier Søyland.

...Men Naustdal er med

På motsett side av Førde, i Naustdal, støttar lokallagsleiar og tidlegare ordførar Jan Herstad fullt ut kollegaen i Gaular sine synspunkt.

Jan Herstad

POSITIV: Senterpartileiar Jan Herstad i Naustdal vender seg også gjerne mot Førde.

Foto: NRK / NRK

– Skal ein auke Førde si tyngde som vekstsenter og fylkessenter, så trur vi - eller i alle fall eg - at ein større kommune vil vere med å gi Førde mykje større tyngde. Dette kan igjen gjere området endå meir attraktivt å bu i og drive næring i.

Kommunane rundt Førde sa nei til samanslåing i 2003, men Herstad meiner tidene har endra seg.

– Det er ei langt meir nyansert haldning til spørsmålet, og langt større vilje til å debattere problemstillinga. Utganspunktet for møtet vi hadde, er å få sett det på dagsorden og begynne å debattere det, seier han.

– Kvardagen vil bli den same

Turid Håheim Hestad kunne ikkje vore meir samstemt.

– Vi trekkjer meir og meir til Førde Sidan 2003 har vi ikkje oppnådd det resultatet som vi skulle ønskt når det gjeld å få det beste ut av kvar kommune for seg, seier ho.

Senterpartileiaren i Gaular er ikkje redd at ho skal bli grenda hennar skal bli endå meir utkant i ein storkommune.

– Nei, det er eg ikkje redd for. Eg har tenkt å halde fram med å bu i min utkant. Kvardagen for vi som bur her, vil bli akkurat den same. For Senterpartiet som står for at distrikta skal få vekse. Eg det slik at saker som treng utvikling yst i denne sirkelen vil få støtte frå den indre kjernen, viss vi står ilag. Vi slepp konfliktar, trur Hestad.

Artikkelen held fram.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Førde ønskjer debatten velkomen

I Førde sit lokallagsleiar Kjell Arne Hjellbrekke og helsar ein kommunesamanslåingsdebatt meir enn velkommen.

– Vi er glade for alle som vil hjelpe oss å styrkje regionsenteret i Sunnfjord og Sogn og Fjordane. Slik eg ser det, er Sunnfjord ein av få stader i landet der det ligg godt til rette for ein storkommune, seier leiaren i Førde Sp som også har ordføraren i byen.

Valkampsak

Turid Hestad er vel kjend med partiet sin motvilje mot kommunesamanslåing og mot eit sterkt fylkessenter, men har også registrert at debatt som kjem frå kommunane sjølve er velkommen - og no håpar ho på dette tema i valkampen neste år - og at partiet vert aktive i debatten.

– Eg ønskjer at når vi startar valkampen, så skal Senterpartiet vere med og kunne seie det dei sjølve lokalt har blitt samde om å stå for i denne saka. Men eg trur det er lurt med ein debatt om kommunesamanslåing, seier leiaren i Gaular Senterparti.

Ps. Senterterpartiet har i dag ordførarvervet i Gaular (Jenny Følling), Førde (Nils Gjerland), og Jølster (Gerd Dvergsdal). I Naustdal har Ap ordføraren (Håkon Myrvang).