Hopp til innhold

Riksveg 50 opna att etter stenging

Eit vogntog har stengt vegen sidan fredag føremiddag mellom Aurland og Hol.

Vogntog på riksveg 50

Vogntoget på riksveg 50 sperrar vegen.

Foto: NRK-tipsar

Vogntoget har stått ved Botnatunnelen, rett aust for Østerbø på vegen.

- Det eine køyrefeltet er like før klokka 12.00 opna for trafikk. Og det vert arbeidd med å få opna heile vegen, opplyser vegmeldingssentralen.

Vogntoget var ikkje skodd for føret og det førte til at det ikkje kom seg av vegen.

Det har danna seg køar på begge sider av vogntoget, og desse vert no slepte forbi.

Vegvesenet opplyser om at heile vegen snart vert opna for fri ferdsel.

Det er vanskelege køyreforhold i området på grunn av nedbøren som har kome.

Statens vegvesen seier det er glatt og isete på deler av strekninga.