Hopp til innhold

- Vanskeleg å halde hjula beint

Skal du køyre mellom Nordfjord og Sunnfjord i dag, gjeld det å ha tunga beint i munnen.

Rundkøyringa på Skei

SNØ OG SLAPS: Slik såg det ut ved rundkøyringa på Skei i Jølster i morgontimane.

Foto: Wenche Eikum / NRK

Oppmodinga kjem frå Kjell Løken som har køyrt over Utvikfjellet og ned til Førde i morgontimane.

På eit kort strekke har han vore gjennom både slaps, snø og regn.

- På veg opp Utvikfjellet og ned på Karistova møtte eg snøen. Der var det kome eit ganske godt snødekke, seier Løken som ynskjer å åtvare andre bilistar om det som kan vere vanskelege køyreforhold.

- Vanskeleg å halde bilen rett

Han melder vidare om skikkeleg sludd i Våtedalen, men verst er føret frå Klakegg til Skei. Der er det 10- 15 cm nysnø, og vanskeleg å halde bilen i rett.

Løken anbefaler lav fart og vinterdekk, men frå midten av Jølstravatnet og nedover frå Førde er det styrtregn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Riksveg 5 Frudalen

SNØ OG SLAPS: Slik såg det ut på riksveg 5 ved Frudalen i morgontimane.

Foto: Webkamera Statens vegvesen

Ventar meir nedbør utover dagen

Også mellom Sogndal og Lærdal er det dårleg føre, melder sjåførar. Vegen er sleip og glatt. Gjennom Fjærland er føret ganske bra, men frå Fjærlandstunellen er det tett snøver og kjempeglatt. - Ein må vere forsiktig, seier ein innringar til NRK.

Fv 55 Sognefjellet var planlagt opna kl 08 etter nattestenginga, men blir i staden stengt vidare utover dagen grunna uver.

På riksveg 13 over Vikafjellet er det i morgontimane kolonnekøyringa på grunn av uvêr, men vegen er no open for fri ferdsel.

I følge vervarslinga er det meldt nedbør utover dagen, men denne vil avta utover kvelden.

E39 sør for Skei

VANSKELEGE KØYREFORHOLD: Biletet er frå E39 sør for Skei.

Foto: NRK-tipsar