Legar opptekne med fødsel: Fekk ikkje rykkje ut til dødsulykke

KRAVDE TO LIV: To ungdommar frå Sunnmøre omkom i ulykka ved Haus i Eid.
Foto: Øystein TorheimEit haste-keisarsnitt gjorde at legar ved Nordfjord sjukehus ikkje fekk rykkje ut til bilulukka i Eid i april i år der to ungdommar omkom.
Publisert 03.11.2010 13:16.
- Skriv ut
Overlege Rune Larsen i Helse Førde har kritisert kollegaene ved Nordfjord sjukehus for å ikkje rykkje ut.
- LES OGSÅ: Vil ikkje kritisere Larsen

MÅTTE VERE INNE: I tråd med gjeldande instruks vart legane som kunne rykt ut til dødsulykka i Eid haldne att på sjukehuset grunna ein fødsel.
Foto: NRKNo viser det seg at legane ved Nordfjord sjukehus var opptekne med ein komplisert fødsel, som til slutt enda i haste-keisarsnitt, då meldinga kom inn om at ein bil med fire ungdommar frå Sunnmøre hadde køyrd i fjellveggen på riksveg 15 ved Haus 17. april i år.
Det opplyser ei sentralt plassert kjelde i Helse Førde til NRK.
Klar instruks
Instruksen er klar på at legane ikkje skal forlate Nordfjord sjukehus når ein komplisert fødsel er i gang. Samtidig vart ekstra personell kalla inn og det vart slått full katastrofealarm.
Nordfjord sjukehus skal difor like etter ha retta ein førespurnad om å få rykkje ut, men AMK-sentralen i Førde skal ha sagt nei.
- LES OGSÅ: - AMK nekta legar å rykkje ut
Har tatt til motmæle
Helse Førde-legen Rune Larsen har retta krass kritikk mot legane ved Nordfjord sjukehus, og har hevda dei burde ha rykt ut til ulukka. Men overlege Mads Petterson ved Nordfjord sjukehus seier AMK-sentralen har ansvaret.
– AMK Førde sa at vi skulle halde oss på sjukehuset. Vi sende då ikkje ut noko anestesisjukepleiar eller anestesilege til skadestaden, uttalte Petterson til NRK tysdag.
Helsetilsynet ser på saka

NETT-DEBATT: Anestesioverlege og tilsettrepresentant i Helse Førde-styret, Rune Larsen, kritiserte i eit nettinnlegg på NRK.no kollegaene ved Nordfjord sjukehus for ikkje å ha rykka ut.
Foto: Heidi Lise Bakke/NRKOpplysingane har ført til at Fylkeslegen, som er Helsetilsynet sin representant, no krev full informasjon om kva som har skjedd, og ber mellom anna om å få oversend lydloggen for å høyre kommunikasjonen mellom Nordfjord sjukehus og AMK-sentralen i Førde.
- LES OGSÅ: Fylkeslegen ser på dødsulykka
Medan legane ved Nordfjord sjukehus var opptekne med fødsel, enda bilulukka svært så tragisk, der to av ungdommane omkom, medan to vart hardt skadde.
Verken leiinga i Helse Førde eller Rune Larsen ønskjer å kommentere saka.
Ikkje ei sak for legeforeininga
- LES OGSÅ: Vil ikkje kritisere Larsen
Leiar i Legeforeningen i Sogn og Fjordane, Tom Guldhav, uttalte tysdag til NRK at han er lite glad for at slike saker hamnar i media, men vil likevel ikkje følgje opp saka. Guldhav vil ikkje kritisere Larsen etter nettdebatt-innlegget som har skapt rabalder.
Les
Helse Førde
- Opninga av rusposten kan bli utsett
- - Har for lite tid til pasientane
- - Nordfjord sjukehus blir brukbart
- Psykiatrisk avdeling kan bli stengd
- Helseføretak vil ikkje ha Nordfjord
- Braut handa - venta i ti dagar
- - Helse Førde kan smuldre opp
- Legg vekk saka mot Bolstad
- Delte meiningar om nytt HF-namn
- Fekk avlyst operasjon - to gonger
- Nordfjordingar vil bli møringar

















Sol og sommar i fylket