Hopp til innhold

- AMK nekta legar å rykkje ut

To personar frå Vanylven omkom i ei trafikkulykke, der AMK-sentralen i Førde skal ha nekta eit legeteam å rykkje ut frå Nordfjord sjukehus.

Trafikkulykke i Nordfjord

TO OMKOM: To ungdommar omkom i april i år, då bilen deira køyrde i fjellveggen på riksveg 15 ved Haus i Eid kommune.

Foto: Øystein Torheim

- Det finst instruksar om at AMK skal avgjere om eit team skal rykkje ut på ulykka eller ikkje. I dette tilfellet vart det stilt spørsmål til AMK om vi skulle reise til staden, men i Førde sa dei at vi skulle halde oss på sjukehuset, seier overlege Mads Petterson ved Nordfjord sjukehus.

To ungdommar omkom i april i år, då bilen deira køyrde i fjellveggen på riksveg 15 ved Haus i Eid kommune.

Overlege kritiserte kollegaer

På grunn av oskeskyta frå vulkanen på Island var all lufttrafikk forbode, og vanlege ambulansar måtte rykkje ut.

Overlege og tilsetterepresenant Rune Larsen har i ein nettdebatt kritisert legar på Nordfjord sjukehus for å ikkje rykkje ut til ulukka.

Vil ikkje diskutere i media

Men ifølgje Petterson er det AMK-sentralen i Førde som har skulda.

- Etter instruksar frå AMK sendte vi ikkje ut korkje anestesisjukepleiar eller anestesilege til staden, forklarer overlegen.

- Det er ei tragisk sak med to omkomne - kunne nokon ha vore redda?

- Med tanke på pasientar og dei pårørande vil eg ikkje ta den diskusjonen i media, seier Petterson.

LES OGSÅ:

Helse Førde ønskjer ikkje å kommentere kritikken frå Petterson.