Hopp til innhold

Krasse krav frå eigne

Utanriksminister Jonas Gahr Støre kom til Årdal i dag, og vart møtt med krasse krav frå sine eigne.

Video Sjukehusaksjon møtte Støre

Partiveteranar truga med å levere inn æresmedlemskapene sine dersom lokalsjukehusa ikkje består.

Partiveteranar truga nemleg med å levere inn æresmedlemskapene sine dersom lokalsjukehusa ikkje består.

Dei meiner partiet sit med nøkkelen i sjukehusstriden og krev at lokalsjukehusa må bergast.

Vil levere inn partibøkene

Harald Lægreid har vore medlem av Det norske Arbeiderpari i ein mannsalder og er ein av dei som no trugar med å melde seg ut.

Sjukehuset i nabokommunen Lærdal er eitt av kring 15 lokalsjukehus landet rundt som er truga.

– Dersom Lærdal sjukehus blir lagt ned, kjem eg rett og slett til å levere inn mine partibøker og diplomen som eg fekk for mine 63 år som medlem, seier Lægreid.

– Det ser ikkje ut som det er andre ting som virka på dei, og eg meiner at fleire bør stå fram og gje klar beskjed, seier Lægreid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sjukehusdemonstrasjon i Årdal

DEMONSTRASJON: Mange møtte opp for å vise støtte til lokalsjukehuset i Lærdal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Engasjerte sogningar marsjerte i dag for lokalsjukehuset sitt då Arbeiderpartiet sin mest populære statsråd kom på besøk.

Fekk møte ministeren på tomannshand

Jonas Gahr Støre

Jonas Gahr Støre (Ap)

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Lægreid var klar i talen då han fekk snakke med ministeren på tomannshand, og Gahr Støre lytta med store øyre:

– Bodskapet er klart. Eg forstår, sa Gahr Støre til Lægreid.

– Kan du ta det med tilbake til dine?

– Ja, det skal eg gjere.

Vart skulda for å vere ullne

I industribygda Årdal har Arbeidarpartiet over 70 prosent av røystene. Når grasrota varslar distriktsopprør, må partifolka frå Youngstorget lytte.

Sjukehusforkjempar Bente Øien Hauge skulda regjeringa for å vere ullne i formuleringane deira, og å krevde at dei raudgrøne snart må seie kva dei meiner om lokalsjukehusa.

– Eg godtek det begrepet. Men eg vil også seie at ingen ønskjer å vere ullne, men når det er store og krevjande avgjerder som skal takast må ein ta den tida som trengst, seier Gahr Støre til NRK.no.