Hopp til innhold

Tyleskap i Litteraturdagane

Jens Brekke feira både bokslepp og jubileum i helga.

Jens Brekke og Arnstein Mygland

BOKSLEPP: Jens Brekke og Arnstein Mygland slapp i helga boka 'Dei seie so'.

Foto: Hilde Zahl / NRK

Ei gong i året, rett opp mot jul, kjem «Illustrert Tyleskap» ut. Sogningen Jens Brekke skriv historier frå ekte folk i fylket på ekte sognamaol.

– Det er ein fin måte å ta vare på både dialekta og kulturen her frå traktene, seier han.

Innsamlinga

Historiane vert enten sende inn eller fortalde direkte til Jens Brekke. Han er som ein tyleskapens Ivar Aasen. Og det manglar ikkje på innsendingar. Han har visst neste nummer nesten klart allereie.

Illustrasjonane

Ola Bremnes

TRUBADUR OG ILLUSTRATØR Ola Bremnes.

Foto: Hilde Zahl / NRK

Heftet har dei siste sju åra blitt illustrert av trubaduren Ola Bremnes. Samarbeidet dei mellom har vore godt.

Eg ser fram til å få manuskriptet kvar gong. Så set eg meg ned, og freistar å illustrera historiene så godt eg berre kan, seier Bremnes.

Jubileumsbonus

I år feirer dei jubileumet med å gje ut eit ekstra hefte. «Illustrert graskap» er fyllt til bremmen med grovisar.

– Dei høvde seg ikkje heilt til «Illustrert Tyleskap», men det var litt dumt å brenna inne med dei også. Så dei fekk sitt eige hefte, seier Brekke.

Bokslepp

I tillegg til heftet, har Jens Brekke kome med bok også. Den heiter «Dei seie so», og er ei analytisk bok.

– Eg freistar å forklara med litt statistikk og tal kvifor me er så løgne i dette fylket. Me er jo ikkje så lette å bli kloke på, seier han med eit lurt smil.

Boka er illustrert av Arnstein Mygland.

– Det er litt av ei utfordring å illustrera desse historiene. Dei er så levande i seg sjølve, og bileta må jo komplementera dei, seier Mygland.

Eksotiske folkeslag

Under førestillinga på laurdag fekk Brekke opp eit panel på scena. Det var med ein nordfjording, ein sunnfjording og ein sogning.

panel for sogn og fjordingane sine folkeslag

PANELET: Frå venstre: Sunnfjordingen Liv Unni Årdal, nordfjordingen Anita Ervik Oppheim og sogningen Kai Aage Pedersen saman med Jens Brekke

Foto: Hilde Zahl / NRK

Målet var å stadfesta teoriane til Brekke om korleis dei forskjellige folketypane ter seg når dei til dømes skal kjøpa pølse. Og teoriane blei verifiserte på høgst vitskapeleg vis.

Nordfjordingen, Anita Ervik Oppheim, sa kva ho ville ha. Klart, enkelt og høfleg. Som den bestemte, litt militante typen Brekke meiner dei er.

Sunnfjordingen, Liv Unni Årdal, var litt nølande, og la inn ein ekstra «eeeeee» før ho kom til kva ho ville ha. Nett som den litt usikre og fåmælte som Brekke skildrar.

Sogningen Kai Aage Pedersen gjekk rett på sak og var nesten litt aggressiv i sitt ynskje om pølse. Brekke sine påstandar om at sogningen er litt vill og gal blei stadfesta.

Morgonsendinga måndag

I morgonsendinga måndag kan ein høyra om ein jærbu sitt møte med alle desse eksotiske folkeslaga.