Hopp til innhold

Bremanger slepp politietterforsking

Politiet legg vekk saka mot Bremanger kommune i samband med alle pengane som har forsvunne.

Rådhuset til Bremanger kommune

Politiet vil ikkje etterforske politikarane i Bremanger.

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Eg hadde venta at dei tok kontakt med kommunen, og at dei undersøkte saka. Ikkje at dei etter kort tid berre seier at nei, her er det ikkje noko straffbart, seier kommunepolitikar i Bremanger, Atle Frøyen.

Gamla vekk millionar

Bremanger kommune har bunde over 800 millionar kroner opp mot gambling på framtidig rentenivå.

Ved låg rente, som i dag, taper kommunen stor summar, og per dato er tapa på om lag 75 millionar kroner. 55 milliar av desse allereie bokført.

I verste fall kan heile 250 millionar kroner gå tapt.

Politiet har motteke to meldingar i samband med dette. Men dei har lagt vekk begge.

- Ikkje grunn til mistanke

- Årsaka til at politiet har lagt vekk saka er at det ikkje var noko i politimeldingane som gav politiet grunn til å tru at nokon i Bremanger kommune har gjort noko straffbart, seier politiadvokat Jørn Lasse Refsnes.

Tidlegare har kommunen tapt nærare 200 millionar kroner i samband med Terra-skandalen. Også då vart saka meldt til politiet, men politiet valde å ikkje starte etterforsking.

På kant med lova

Frøyen meiner meklarane, som har fått kommunen til å starte med den enorme gamblinga, må ha operert på kant med lova.

- Eg vil påstå at det må grense til det kriminelle. I 2007 då dei såg at det gjekk gale, gjekk dei inn med endå verre avtalar, seier Frøyen.