Hopp til innhold

Moods-vaflar på Grand Hotell

Moteskaparane frå Stryn har innteke «fiffen» sitt hovudkvarter i hovudstaden.

Simen Staalnacke (t.h.) og Peder Børresen i Moods of Norway

Simen Staalnacke (t.h.) og Peder Børresen i Moods of Norway

Foto: Rolf Jarle Ødegaard, VG / Scanpix

Motemerket Moods of Norway har inngått eit noko uvanleg samarbeid. Hotellet Grand Hotell i Oslo og motemerket frå Stryn skal saman selje traktorvaflar kvar første fredag i månaden.

Det er nationen.no som skriv om dette.

Speilsalen på Grand Hotell

Slik ser det ut i speilsalen på Grand Hotell

Foto: Bendiksby, Terje, Terje Bendiksby / SCANPIX
Moods of Norway

Moteskaparane har gjort mykje for å skaffe seg merksemd. Dei har mellom anna kjøpt ein båt og ein traktor og måla dei rosa. Her ser vi moteskaparane Simen Staalnacke (t.h.) og Peder Børresen.

Foto: NRK

Og moteskaparane stoppar ikkje der. Om det skulle bli vanskeleg å kome seg til hotellet i hovudstaden, har motegutta laga eit vaffeljarn som produserer vaflar som ser ut som ein traktor.

Og skal du først ha ein traktorvaffel kan det vere greitt å vite at det er mogleg å skaffe ei eiga traktorvaffelrøre, sjølvsagt inspirert av bestemors oppskrift.