Hopp til innhold

Aurlendingane gav mest

Sogn og Fjordane var det rausaste fylket under søndagens TV-aksjon. Aller størst var gjevargleda i Aurland.

Slik ser bøssen ut i 2010

FRÅ DØR TIL DØR: Slik ser den offisielle bøssa ut i 2010.

Foto: Moss kommune

Innbyggjarane i Aurland toppar som vanleg fylkeslista. Aurlendingane gav i gjennomsnitt 74,34 kroner til innsamlinga som i år er til innntekt for Flyktninghjelpen sitt arbeid.

På ein god andreplass finn ein lærdølene som med 72,29 kroner også ligg godt over landsgjennomsnittet på 41,66 kroner.

Fylket sett under eitt, gav kvar av oss i snitt 50,03 kroner til årets TV-aksjon.

Klokka 10 måndag føremiddag var det komme inn til saman 202,4 millionar kroner til Flyktninghjelpen.

Her er tala for Sogn og Fjordane:

  • Askvoll: 53,75
  • Aurland: 74,34
  • Balestrand: 51,09
  • Bremanger: 46,80
  • Eid: 53,75
  • Fjaler: 47,13
  • Flora: 44,29
  • Førde: 49,13
  • Gaular: 51,50
  • Gloppen: 57,71
  • Gulen: 60,80
  • Horninda:l 44,43
  • Hyllestad: 48,77
  • Høyanger: 48,35
  • Jølster: 53,36
  • Leikanger: 53,12
  • Luster: 53,44
  • Lærdal: 72,29
  • Naustdal: 51,41
  • Selje: 49,00
  • Sogndal: 44,88
  • Solund: 66,90
  • Stryn: 49,74
  • Vik: 54,95
  • Vågsøy: 41,64
  • Årdal: 39,98

Totalt innsamla landet under eitt: 202 398 684,23
Gjennomsnitt 41,66 (oppdatert måndag kl. 10)

Ps. Neste år går inntektene frå TV-aksjonen på NRK til Norsk Folkehjelp som mellom anna jobbar for å fjerne landminer.

Ps. 2. NRK melde tidlegare at jølstringane gav mest. Dette skuldast feil i listene frå TV-aksjonen. Vi beklagar.