Hopp til innhold

Pokal til Sogndal, Sandnes jubla

Medan nedstemde Sogndal-spelarar tok i mot 1. divisjon-pokalen, kunne motstandar Sandnes Ulf jubla for poenga.

Lars Grorud med 1. divisjonspokalen

Kaptein Lars Grorud tok imot pokalen som viser at Sogndal har vunne 1. divisjon, men Sandnes Ulf tok poenga.

Foto: Arve Uglum

- Dette var langt under vår standard. Du kan seia at det er ein naturleg reaksjon etter at me sikra opprykket på onsdag, men likevel er det eit dårleg varsel, sa Sogndal-veteran Håvard Flo etter sin siste opptreden som spelar på Fosshaugane.

Straffe på overtid

Resultatet vart 0-1 til Sandnes Ulf etter ein heller tam affære på ei frosen Fosshaugane-matte. Sogndal opna friskt, men kampen fekk raskt preg av at Sogndal ikkje trengte å vinne, medan Sandnes Ulf ikkje makta. Avgjerda kom på overtid i andreomgang. 2187 forbausa tilskodarar måtte berre konstatere at bortelaget fekk tildelt eit straffespark få om nokon forstod noko av. Etter at Sogndal hadde rota det til for seg sjølv såg det ut som om keeper Joe Bendik var klart på ballen då han greip inn, men dagens elles gode dommar Omar Rafiq såg det annleis.

Viktige poeng

Tom Erik Maldal sette straffa sikkert i mål, og sette i gang ville jubelscener på Sandnes Ulf-benken. Straffen sikra tre poeng som kan bli av uvurderleg verdi for laget som slit for å berge plassen i 1. divisjon.

Les kampreferat her

"Ut av kroppen"

- Det var nesten ei ut av kroppen-oppleving. Vi spelar jamt med det beste laget i divisjonen i dag, og så får me betalt. Me har hatt marginane mot oss i kamp etter kamp, så dette gjorde umåteleg godt, seier ein gledesstrålande trenar Asle Andersen.

- Kva tykkjer du om marginane dykkar når de fekk det straffesparket?

- Eg såg det ikkje skikkeleg. Om det var billig så får det berre vere slik. Vi har ikkje fått så mykje gratis frå gutta i svart tidlegare i sesongen, seier Andersen.
Med tre poeng i Sogndal er Sandnes Ulf inntil vidare på trygg grunn med tanke på å halde seg i divisjonen. Og kan klare seg utan hjelp frå andre lag.