Hopp til innhold

Bilulukke på Utvikfjellet

Full utrykning.

- Ein einsleg bil gjekk utfor vegen, og det var to personar i bilen, opplyser politiet sin operasjonssentral i Florø.

Lettare skadde

Ulukka skjedde rett før klokka 20, ikkje langt frå Karistova på Utvikfjellet i Stryn. Alle etatar vart sendt ut.

- Dei to yngre mennene i bilen var lettare skadde, og er sende til Førde sentralsjukehus, opplyser Politiet vidare.

Vegen vart opna att rett før klokka 21 etter å ha vore stengd ein kortare periode. Det skal ha vore glatt føre på ulukkesstaden.