Sognekvinne framleis i Libanon

Studentane Lisa Engervik, Jenny Rømo, Gunhild Raunsgard og Lene Nordli er framleis i Libanon.
Foto: privatJenny Rømo frå Sogndal er framleis i krigsområdet i Libanon, trass i at UD i helga har prøvd å få alle nordmenn ut av landet.
Publisert 17.07.2006 09:52.
- Skriv ut
Rømo seier situasjonen er tilspissa og at det er farleg å bevege seg utanfor området der ho no held seg.
- Akkurat no vil eg ikkje reise så veldig langt. Dei bombar vegar og bensinstasjonar, så eg føler meg tryggare med å vere her, seier ho.
I flyktningleir
I heile helga har Israel bomba store område i Libanon. Rømo oppheld seg i ein palestinsk flyktningleir like utanfor byen Tyr sør i landet. Søndag vart ein bensinstasjon nokre få minutt frå flyktningleiren bomba. Rømo seier situasjonen no blir meir og meir spent.
- Vi merkar at det kjem tettare innpå oss. Når dei bombar ein bensinstasjon, så merkast det. Først trudde folk at dette vil gje seg etter eit par dagar, men bombinga held framleis på, seier ho.
Prøver å evakuere
I går vart fleire hundre nordmenn i området rundt hovudstaden Beirut evakuert ut av landet. No jobbar utanriksdepartementet med å få evakuert nordmennene i Sør-Libanon over til Kypros med hjelp av båt. Likevel vil det truleg ta fleire dagar før dei kjem seg ut av landet. Rømo er uansett mest bekymra for palestinarane som må bli igjen i flyktningleiren.
- Vi tenkjer på dei som er igjen og kva som vil skje når utlendingane reiser, seier ho.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket