Hopp til innhold

Det går mot nedlegging av bussfabrikken i Stryn

Styret i bussprodusenten Vest Buss i Stryn vil leggje ned produksjonen av bussar. Vel 100 tilsette mister etter alt å dømme jobben.

Vest - bussproduksjon

SNART SLUTT: 45 års industrihistorie i Stryn går mot slutten.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vest Buss AS

VAR 200 TILSETTE: Vest Buss har på det meste produsert 200 bussar i året og hadde like mange tilsette. I år produserer ein 70 bussar og har 111 tilsette.

– Dette er ein av dei tyngste dagane eg har hatt som ordførar, og det har eg vore i 11 år, seier ordførar Nils P. Støyva (Ap) i Stryn til NRK.

Dei tilsette ved Norges siste attverande bussfabrikk fekk den tunge beskjeden på eit allmøte i bedrifta fredag føremiddag. Styret i Vest Buss Industri og styret i morselskapet Vest Buss-Gruppen har vedteke å setje i gang ein prosess der ein planlegg nedlegging av bussproduksjonen

Meiner leiinga ikkje har gjort nok

- Vår agenda i mange år har vore at det er manglande vilje til å satsa på fabrikken her. Dette er tragisk for kvar enkelt fyrst og fremst, men det rammar heile lokalsamfunnet. Eg såg på nettet her om dagen at det er sju ledige stillingar i Stryn kommune fordelt på 111 som no vert arbeidsledige. Så kva dei skal finna på, veit ikkje eg, seier hovudtillitsvald ved fabrikken, Terje Solvang.

Men verksemda maktar ikkje å tene pengar på drifta i Stryn, og dagleg leiar Per Dag Nedreberg fortel det såleis ikkje er nokon veg utom nedlegging.

– Ein har i år hatt to stogg i produksjonen med permitteringar, og ein står i fare for å gå inn i ein ny stopp. Vi ser også at det er vanskeleg å drive bussproduksjon i Norge. Vi konkurrerer med komplett-produserte bussar som er produserte i land med vesentleg lågare kostnader enn kva vi har, seier Nedreberg.

- Tung beskjed å gje

Stadig lågare prisar på bussar har også hatt negativ innverknad.

– I tillegg har vi ekstrakostnader sidan vi ikkje sjølve produserer chassiset til bussane, seier Nedreberg.

Nedreberg fortel det var ein tung beskjed å gi dei tilsette.

– Det er sterke reaksjonar frå folk, og det må ein ha forståing for. Det er klart det blir veldig mykje frustrasjon når slike ting skjer. Det er mykje kjensler, seier Nedreberg.

Nav er varsla

–Kor mange misser jobben?

– Det er ikkje gjort endeleg vedtak enno, det må eg få presisere, men vi har i dag varsla både fylkeskommunen og Nav. Viss dette blir gjennomført vil alle 111 på bussfabrikken miste jobben sin.

Nedreberg seier 10-15 vil truleg få tilbod om jobb i andre verksemder i Vest Buss-gruppen som også driv verkstad i Stryn, Bergen, Lillestrøm og Helsingborg.

Verksemda har dei siste to-tre månadene hatt tett dialog med kommunen.

– Vi har vore klar over den vanskelege situasjonen og økonomien som bedrifta er i, og vi har vore klar over at marknaden er sviktande. Men det er vanskeleg for kommunen å gjere noko i den situasjonen vi er i, erkjenner ordførar Nils P. Støyva.

Ordføraren: – Vanskeleg å finne nye jobbar

Han føler med dei tilsette.

Nils P. Støyva

BLIR TØFT: Mange familiar vil få det problematisk framover, fryktar ordførar Nils P. Støyva.

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Eg har veldig stor forståing for reaksjonane. Dei fleste står no utan arbeid. Dei fleste er frå Stryn, men det er også arbeidarar frå nabokommunane Hornindal, Eid og Gloppen.

Vest Buss har vore ein av bærebjelkane i Stryn, sjølv om talet på tilsette har gått noko ned dei siste åra. Men med 100 tilsette, så er det klart dette er vanskeleg.

– Korleis skal ein finne ny jobb til desse 100?

– Det er ikkje gjort over natta. Vi har eit variert næringsliv i Stryn som er veldig variert, så eg vil tru at nokre kan få seg jobb andre stader. Men det blir nok problematisk for ein del tilsette og deira familiar framover. Det trur eg vi må innsjå, seier Ap-ordføraren.

Interessentar snusar på fabrikken

Vest-bussar
Foto: Kjell Arvid stølen / NRK

Støyva og kommunen håpar andre kan ta over.

– Vi veit at det er andre som jobbar med å kunne ta over heile eller deler av produksjonen. Vi må berre vere optimistar, trass i at det er ein vanskeleg dag, seier Støyva.

Han legg til at kommunen vil gjere det dei kan for å leggje til rette dersom nokon ønskjer å satse på vidare drift i Vest Buss-lokala.

Ps. Mens eigenproduksjonen går med raude tal, går Vest Buss-Gruppen si salsverksemd som buss-agentur, derimot med overskot.