Hopp til innhold

Høgast inntekt etter tomtesal

Florø-mannen Arild Jan Solheim hadde den desidert høgste inntekta i Sogn og Fjordane i 2009.

Fjordbase i Florø

TVANGSSAL: Grunneigaren på Botnaneset vart tvinga av kommunen til å selje grunn til utviding av oljeforsyningsbasen. Det viser att på inntektstoppen.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Solheim er likna med ei inntekt på 36,2 millionar kroner.

Etter det NRK kjenner til skriv inntektene seg frå Flora bystyre si oreigning av grunn til utviding av Fjord Base på Botnaneset, der Solheim var grunneigar.

Grunnleggjar, eigar og salssjef i Maritime Montering på Bjørvikstranda i Gaular, Odd Knut Birkeland er på andreplass over dei best betalte i fylket. Han hadde i 2009 ei inntekt på 10,4 millionar kroner.

Jan Flølo i PriceWatherhouseCoopers i Førde hadde ei inntekt på nær 8 millionar kroner.

Inntektstoppen Sogn og Fjordane
Foto: skjermdump nrk.no/sf / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.