Hopp til innhold

Vil gjere Norge meir liberalt

Nyvald Unge Venstre-leiar klar i talen.

Sveinung Rotevatn

VIL INN I EU: Den nye leiaren i Unge Venstre er ambisiøs og ønskjer mellom anna at Norge skal få medlemskap i EU så snart som råd.

Foto: Venstre

- Eg får ein flau smak i munnen når Norge prøver å prute med EU for å sleppe dei vanskelege avgjerdslene, seier Sveinung Rotevatn frå Nordfjord og viser til norsk klimapolitikk.

Sveinung Rotevatn

VANN VALET: Sveinung Rotevatn får gratulasjonsklemmar etter at han vart vald til ny leiar i Unge Venstre i Bergen i helga.

Foto: Venstre

Har planane klare

23-åringen vart laurdag vald til ny leiar for Unge Venstre på landsmøte dei hadde i Bergen.Han studerer juss, men må no leggje bøkene på hylla ei stund for politikken sin del.

Og den unge politikaren er ambisiøs på Norge sine vegner. Han har fleire planar for korleis Venstre skal bli meir synlege.

- Eg er uroa over at kampen for eit trygt og godt klima vert viktigare og viktigare samstundes som dette får mindre plass i politikken. Norge, med dei raudgrøne i spissen, sakkar akterut, meiner han.

Vil inn i EU

Han viser til at EU, trass finanskrisa, maktar å lage forpliktande samarbeid og ha ein offensiv miljøpolitikk.

Rotevatn er også klar på at Norge må få medlemsskap i EU.

- Ei utviding av demokratiet, styrking av menneskerettar og miljøløysingar krev eit internasjonalt samarbeid. Eit medlemskap vil gje oss makt over vår eigen kvardag.

Vil ha regjeringsmakt

Og han meiner den noverande regjeringa berre held navlebeskuande festtalar.

- Eg vil kjempe for eit større Venstre med regjeringsmakt.

Leiar i Venstre, Trine Skei Grande, meiner den nye Unge Venstre-leiaren er eit stort politisk talent.

Får skryt

- Sveinung er ei ung og urban stemme frå distriktet, og han vil vere med og bidra mykje til Venstre og Norge i åra som kjem, skryt ho.

Ho gler seg til å samarbeide med nordfjordingen.

- Unge Venstre er ein uvurderleg pådrivar for å fornye politikken vår på områder som klima, rusomsorg og liberale rettar.