Hopp til innhold

Trafikkulykke på E39

To personar vart frakta til sjukehus etter ei trafikkulykke på E39 ved Bruland i Førde måndag ettermiddag.

Ulykke
Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Ulykke
Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– To personar, ei 18 år gammal kvinne og ein mann i 50-åra, er sende til sjukehus. Dei to var åleine i kvar sin bil, opplyser operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no.

Dei to skal ikkje vere alvorleg skadde.

Politi, fleire ambulansar og luftambulanse vart sende til ulykka som skjedde i 15-tida måndag ettermiddag.

E39 vart delvis stengd ved Bruland som følgje av ulykka. Klokka 16 er ulykkesstaden rydda, og vegen opna for fri ferdsle.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.