Hopp til innhold

Sp trugar med regjeringskrise

Senterpartiet trugar med regjeringskrise om dei tapar kampen om fødetilbodet i Nordfjord og Sogn.

Erling Sande

SET HARDT MOT HARDT: Parlamentarisk nestleiar Erling Sande seier det handlar om truverdet til Senterpartiet.

Foto: NRK

Før valet lova partiet at fødeavdelingane i fylket ikkje skulle bli nedlagt, så lenge ein har ei raudgrøn regjering. Dei siste månadane har det derimot vore splid internt i regjeringa.

Meiner Stoltenberg må rydde opp

Men stortingsrepresentant Erling Sande set no hardt mot hardt og meiner statsminister Jens Stoltenberg må rydde opp.

Nordfjord Sjukehus

TRUGA TILBOD: Fødetilbodet er truga ved mellom anna Nordfjord sjukehus.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Eg har tru på at statsministeren står ved det han sa for nokre år sidan, nemleg at fødetilbodet rundt om skal oppretthaldast. Eg forventar også at regjeringa står ved det vi har sagt og det er løfte vi ikkje kan springe frå.

Opplever kraftig press

Erling Sande seier dette står om partiet sitt truverde og i desse dagar opplever SP eit kraftig press frå rasande innbyggarar mellom anna i Nordfjord og i Sogn fordi Helse Førde vil legge ned.

Folk der meiner regjeringa bryt løfta sine. Erling Sande sa mellom anna dette til NRK før forrige val.

– Vi skal oppretthalde eit desentralisert fødetilbod, og det er ikkje denne regjeringa sin politikk å godta nedlegging av fødetilbodet.

– Vil vere politisk ferdige

Åge Starheim

KRITISK: Stortingsrepresentant frå Frp, Åge Starheim, meinr Sp burde vurdere om det er rett av dei å sitje i regjering.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Stortingsrepresentant frå Frp, Åge Starheim, meiner Senterpartiet mange stader vil vere politisk ferdige om dei legg ned fødetilbod.

– Sånt sett burde Liv Signe Navarsete og Senterpartiet vurdert om det er rett avdei å sitje i regjering. For no gjer dei det stikk motsette av det dei sjølv lova.

Gir Starheim rett

Og Erling Sande gir Frp rett i at det kan stå om framtida for Sp i regjering.

– I akkurat denne saka skal eg gi Åge Starheim litt rett. Det er ei sak som er av ein slik dimensjon at den er ganske viktig for truverdet til Senterpartiet rundt om i landet vårt.

Video SP-kamp for lokalsjukehus

Sjå saka som gjekk i Vestlandsrevyen her