Hopp til innhold

Kulturkjendis sikta for NAV-svindel

Ein høgt profilert kulturkjendis med bustadadresse Sogn og Fjordane er sikta for trygdebedrageri av 380 000 kroner.

NAV

Den høgt profilerte kulturkjendisen risikerar sju til åtte månader i fengsel om han vert funnen skuldig i å ha svindla NAV.

Foto: Illustrasjonsfoto: Frode Wik / NRK

Kulturkjendisen har i ei årrekkje hatt Bergen som base for verksemda si, og det var politiet her som tok initiativ til etterforskinga etter at saka vart meld av NAV i 2009.

Ifølgje siktinga har han motteke vel 380 000 trygdekroner som han ikkje har rett på, skriv Bergens Tidende.

Siktinga gjeld perioden frå og med 2007 og til 30. april 2009.

Ransaka bustaden

I juni i fjor fekk politiet løyve til å ransake bustadane som kulturkjendisen disponerar. Nokre dagar seinare avgjorde politiet at han kunne pågripast.

Også ein samarbeidspartnar av mannen er sikta.

Ifølgje Bergens Tidende skal dei begge ha hatt inntekter av verksemda som dei ikkje har oppgjeve, samstundes som dei tok imot pengar frå NAV.

Risikerer fengsel i sju til åtte månader

Mannen, som har vore uføretrygda sidan ung alder, seier til avisa at han ikkje har vore kontakta av politiet og at han difor ikkje har nokon kommentar til den alvorlege siktinga.

– Politimeldinga frå NAV er basert på falske opplysingar frå ein tredje person, seier mannen, som meiner han kan dokumentere overfor politiet at han ikkje er innblanda i svindelen.

Trass i at det er gått over eitt år sidan saka vart meld til politiet er den enno ikkje ferdig etterforska.

Politiadvokat Rune Malt vedgår overfor avisa at det er uheldig at etterforskinga har teke så lang tid.