Hopp til innhold

Vil ikkje gravleggje muslimar

Soknerådet i Balestrand meiner muslimar ikkje bør gravleggjast i kommunen.

Tjugum kyrkje

IKKJE FOR MUSLIMAR? Gravplassen rundt Tjugum kyrkje er den største i Balestrand. Her vil det problematisk å gravleggje muslimar, meiner soknerådet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Eit samrøystes sokneråd til med at dei meiner muslimar ikkje bør få høva til å bli gravlagt i Balestrand. Det går fram av eit høyringsnotat til den nye gravferdslova.

– Graver mot Mekka er lite effektivt

Soknerådet viser at den muslimske tradisjonen med at gravene skal vendast mot Mekka, vil gjere det vanskeleg å gravleggje dei på gravplassane i kommunen, skriv Sogn Avis.

Gravplassarealet ikkje vil bli effektivt utnytta dersom muslimske graver, som då vender ein annan veg innomellom ordinære graver, meiner soknerådet

Eigne muslimske gravplassar

Såknerådet føreslår i staden regionale gravplassar for muslimar.

– I samband med at den største minoritetsgruppa som kan ønskje tilpassingar i høve gravferd er muslimar, meiner Balestrand sokneråd at det kan vera ein tanke at det i størst mogeleg grad vert anlagt eigne regionale muslimske gravplassar, skriv soknerådet i eit brev til kyrkjeministeren som avisa har fått i hende.

Artikkelen held fram.

Sæle kyrkje

– VANSKELEG: Heller ikkje her ved Sæle kyrkje, den andre av to gravplassar i kommunen, ser soknerådet det som tenleg å gravleggje muslimar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Nedvurderer den kristne arven

Balestrand sokneråd viser mellom anna til at Soknerådet stiller seg kritisk til forslaget til ny gravferdslov og meiner den nedvurderer det norske samfunnet sin kristne terminologi og arv i møte med andre tankesystem og kallar det ei nedvurdering av den kristne kulturarven.

– Det verkar som om departementet meiner at bruk av mest mogeleg «nøytrale omgrep» vil skapa ro om saka. Dette er Balestrand sokneråd ueinige med, siterer Sogn Avis frå brevet til kulturministeren.