Hopp til innhold

Ei natt med høge temperaturar

Det vart ei varm natt med fønvind mange stader i fylket natt til måndag. På Kråkenes fyr vart det målt 18,7 grader.

Kråkenes fyr.

HØGSTE TEMPERATUR: Kråkenes fyr hadde den høgste offisielle temperaturen i natt, med 18,7 grader.

Foto: Merete Høidal / NRK

I morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane inviterte programleiar Gro Ravnestad lyttarene til å sende inn temperaturar.

19,1 i Botnane

Rune Nordbotten i Botnane i Bremanger fortal at han målte 19,1 grader i natt, etterfulgt av tordenver og regn.

– Det vart varmt ute og inne, det var nesten sommartemperaturar. I morgontimane var det 14 grader, fønvind og regn.

Varm natt for «Aviskusken»

Judtih Ekerhovd fortel at det var 19 grader på Eikeset i Bremanger i går kveld, men at det i morgontimane var 13 grader og pøsande regn. Ein annan innsender fortel om 14,5 grader i Dale.

«Aviskuksen» på ruta Skei-Sandaen hadde ei fin natt i berre T-skjorta.

– Det var 18-19 grader på ruta mi og nokre få dropar og mild vind.

Høge temperaturar i Nordfjord

Inger Alise Einebærholm frå Byrknesøy opplevde at det var heile 17,4 grader klokka 23.30 søndag kveld. I tillegg var det lyn og torden.

I Nordfjord var det også gode temperaturar. Ein innsender har sendt inn denne oversikta: Olden 18, Utvik 18,5, Utvikfjellet 14, Byrkjelo 17,5, Skei 16,5 og Vassenden 17.

Høge offisielle målingar

Statsmeteorolog Harald Abildsnes ved vervarslinga på Vestlandet har også registrert at det har vore varmt i natt.

– I natt klokka fem var det 17 grader på fleire av våre målestasjonar, men det var Kråkenes som var varmast med 18, 7 grader.

Varm vind frå sør

Det er regn på Austlandet og Sørlandet som har gjort til at vi har fått føneffekten.

– Det er mildare luft som kjem frå sør med den kraftige vinden, difor får vi høgare temperaturar.

I dag held det seg framleis mildt og vi kan vente oss det same veret også tysdag og onsdag.

– Det blir vind frå sør-aust og for det meste kuling med nedbør.

Dårleg start - god slutt

Men frå ein forholdvis dårleg og regnfull start på veka, kan meteorologen love ein god slutt.

– Det ligg eit høgtrykk over Russland no og det ser ut til å bevege seg vestover og inn over Sør-Norge. I løpet av torsdagen blir det fint veret med mykje sol. Nattetemperaturen går ned, men dagtemperaturen held seg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.