Hopp til innhold

«Vi måtte finne på noko halvsprøtt som engasjerer folk»

Bygdefolket stilte med 99 eplekaker då det i helga då verdas lengste eplekake vart sett saman på Hermansverk. Lensmannen sitt målband stopp til slutt på 85 meter.

– Vi tenkte vi måtte finne på noko halv-… ja eller snarare heilsprøtt, som kunne engasjere heile bygda, seier Roar W. Vangsnes, som er ein av intitativtakarane

Eplebygd

Når fruktkommunen Leikanger i desse dagar markerer Fruktbare dagar for 12-år på rad, var det på tide å slå litt på stortromma, meinte Vangsnes og hans kumpanar.

– Vi har eple i kommunevåpenet, fantastiske eplebønder, og eigen forsøksgard for eple. Så kvifor ikkje bake verdas lengste eplekake?

Som sagt så gjort.

Mobiliserte

Flygebrev brev vart sendt ut til skular, barnehagar og arbeidsplassar. Bodskapen vart formidla i lokalsendinga til NRK Sogn og Fjordane, og Sognefrukt plasserte ein heil konteinar i sentrum på Hermannsverk der folk kunne forsyne seg med eple til baksten.

Vangsnes som ikkje om nokon før hadde gjort forsøk på å bake verdas lengste eplekake, gjekk på internett for å drive research.

Google-søk sette nervene i sving

– Eg googla «longest apple cake in the world» og fann ut at det på 1970-talet vart baka ei 75 meter lang eplekake til ein morsdag i Thailand. Då fekk eg litt kalde føter.

Vangsnes lurte fælt på om han skulle halde oppdaginga frå Google hemmeleg.

– Men når gammalt konkurranseinstinkt kom fram, så kunne vi ikkje halde det hemmeleg.

Dermed var oppdrager klart: Bygdefolket måtte lage ei kake som var lenger enn 75 meter. Og laurdag var den store dagen komen.

Omdiskutert oppskrift

I flygebrevet hadde arrangøren sendt ved eit forslag til kakeoppskrift.

– Den blei kritisert og kommentert som seg hør og bør. Folk har brukt ulike oppskrifter, og ulike mengder eple, men det er no berre artig, meiner Vangsnes som også er styreleiar i Norsk fruktmuseum.

Etter kvart som den store dage nærma seg, merka han eit gryande engasjement. Folk hadde begynt å mobilisere, og ringde og lurte på korleis det heile skulle gå til.

99 kaker - 500 menneske

– Dette har engasjert alle frå barnehagealder, via byråkratar, til pensjonistar. Det kom 99 kaker som vart sett saman. Det var over all forventning, fortel Vangsnes.

Om lag 500 menneske flokka seg i idrettshallen i Saften på Hermansverk laurdag ettermiddag.

– Klokka 15 kom lensmann Norvald Ylvisåker med målband. Han vart visstnok ganske mållaus då han fekk førespurnaden på telefon, men stilte med uniform, ler Vangsnes.

Mykje restar

Lensmannen mannen sitt målband stoppa på 85 meter. Den gamle thailandske rekorden vart grundig slått. Leikanger mannskor song om gravenstein, Lerum bidrog med eplejuice frå Sogn og heile bygda samla seg til etegilde.

– Folk vart oppmoda om å ta med seg kake heim, men det var mykje att. Noko vart servert då Syrlil tapte handballkampen mot Bjørn søndag (20-22), mens resten er gitt til aldersheimen, fortel Vangsnes.

Guinnesrekord?

No står berre éin ting att:

– Vi veit ikkje heilt korleis det er med å få rekorden registrert i Guinnes rekordbok, men det skal vi i alle fall finne ut av, lovar Roar W. Vangsnes.