Hopp til innhold

Løyver tre millionar ekstra til veg

Fylkesutvalet vil løyve tre millionar kroner ekstra i år til å planlegge vidare utbetring på Fylkesveg 60 Olden-Innvik.

Vegen Olden-Innvik

FÅR NYE MIDLAR: Fylkesveg 60 Olden - Innvik.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det er førebels ikkje løyvd pengar til vidare utbetring i 2011. Men Bremangersambandet blir billegare enn budsjettert, og til våren veit ein også prisen på Dalsfjordsambandet.

LES OGSÅ:

Då kan det bli pengar til overs, og difor må neste etappe av Olden-Innvik vere klart til å starte opp, meiner eit samla fylkesutval.