Hopp til innhold

Jølstrakunst til København

Kva tykkjer danskane om Oddleiv Apneseth sine bilete?

Video Jølsterbilete til Købehavn

- Det er jo eit kvalifisert publikum her. Om dei berre vil gå ut att og trekkja på skuldrane, veit eg ikkje, seier Apneseth sjølv, klar til å opna utstillinga.

- Provoserer

Kvardagen i Jølster har vorte presentert gjennom Apneseth sitt bileteprosjekt. No har han teke med seg bileta av jølstringane på utstilling i København.

Les også: "Alle" vil sjå utstilte jølstringar

Les også: Apneseth-foto på Henie Onstad

- At presten står på ein traktor og ikkje ein prekestol, er jo i seg sjølv flott og humoristisk. Det provoserer. Ingen av Oddleiv sine bilete unngår å provosera, seier kunsthistorikar Marinne Wirenfeldt Asmussen.

Artikkelen held fram under biletet

Bilete av Apneset

Ove Hjellbrekke som prest på traktoren, utstilt i København

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

-Positivt å verta beglodd

Ove Hjellbrekke parodierte presten då han figurerte i presteklede oppå ein traktor på biletet som Wirenfeldt Asmussen betraktar.

- For min del ser eg berre positivt på å verta beglodd der nede, seier Hjellbrekke.

Sjå på videoen korleis danskane reagerer på Apneseth sin jølstrakunst!