Hopp til innhold

Fitness-Siw siktar mot VM

Satsar stort etter gjev siger.

Siw-Lisbeth Grov
Foto: privat

- Dommarane seier at eg har ein veldig fin body fitness-fysikk. Og at eg har ein bar sceneopptreden. Så det må jo vera eit eller ann i det, då, seier den nybakte fitness-meisteren Siw-Lisbeth Grov.

Trenar 2-3 gonger dagleg

Siw-Lisbeth Grov

Siw-Lisbeth Grov til venstre

Foto: privat

22-åringen frå Førde stakk av med sigeren i Body fitness-konkurransen Norway Open no i helga. Ikkje berre vann ho sin eigen klasse, men ho vart også best når vinnarane av alle klassane vart samanlikninga. Og slikt ligg det mykje trening bak.

- Eg trenar styrke 5-6 gonger i veka, og uthald kvar einaste dag, av og til to gonger om dagen. Så eg trenar to til tre gonger dagleg.

Og i forkant av konkurransar er heile livet til Grov nøye planlagd.

- Det sosiale må vekk

- Då køyrer eg ein diett på 8-14 veker. Ein slik diett er umenneskeleg å køyra året rundt. Mat og trening er nøye planlagd frå start til slutt, og ein følgjer nøye opp kvar veke etter korleis kroppen ser ut. Då må ein gjera justeringar ettersom korleis formen utviklar seg. Hovudsakleg så er det å få ned mengda feitt og vatn i kroppen for, og få opp muskelmassen.

- Det høyrest ikkje så sunt ut?

Siw-Lisbeth Grov

Konkurransar i Body Fitness krev svært mykje førebuing

Foto: privat

- Trening, mat og kvile er jo sunt i seg sjølv. Ein slik diettperiode veit eg ikkje om eg kan kalla sunt, men ikkje usunt heller. Ein bryt jo kroppen ned ein slik periode, men etterpå så byggjer ein den opp att.

- Det er kanskje uansett sunnare enn å liggja på sofaen og eta chips?

- Hadde eg ete ein pose chips, ville kroppen fått eit slikt sjokk at det trur eg ikkje ville ha gått så bra.

- Du kan ikkje ha tid til mykje anna enn trening og jobb i ein sånn periode?

- Det sosiale må vekk. skal ein vera sosial, må det vera på jobb eller trening. Kafébesøk og slikt fører med seg freistingar som ein må halda seg unna når ein køyrer beinhardt.

Vil ut i verda

Neste helg er det NM i Body Fitness, og Grov har målsetninga klar.

- Får eg ein fyrste eller andre plass, vert det nordisk meisterskap i midten av oktober. Etter det har eg lyst til å prøva meg internasjonalt i VM eller EM.