Artikkelserien handlar om kommunen sitt avlastingstilbod til familiar med fysisk og psykisk utviklingshemma born, og omfatta 32 saker, fem av desse hovudoppslag.
Under utdelinga av Sogn og Fjordane Journalistlag sin årvisse pressepris som vart delt ut under ein journalist- og redaktørkonferanse på Voss, fekk avisene Firdaposten og Firda heiderleg omtale.
Firdaposten-journalist Merete Husmo Høidal fekk ros for sin reportasje frå eldreomsorga i Florø, mens Firdas Ole Jacob Huus hausta lovord for sin artikkelserie om oppdrettsnæringa.
Fotoprisen til Bruvik
Linda Regina Bruvik vart tildelt årets fotopris i Sogn og Fjordane etter å ha tatt eit blinkskot då ei kvinne vart sitjande fast i bilen sin i samband med eit snøras ved Haukåtunnelen i Flora sist vinter.
Bent Are Iversen, Firda fekk heiderleg omtale av fotojuryen.
Åretts presseprisjury vart leia av Else Gro Ommundsen frå Dagsavisen. Ho hadde med seg dei tidlegare NRK-veteranane Dag H. Nestegard og Sølve Stang.
Nytt styre
Årsmøtet i Sogn og Fjordane journalistlag valde også nytt styre i helga:
Leiar Bent Are Iversen, Firda (attval), får med seg Åge Senneset, Fjordenes Tidende (attval), Vidar Gudvangen, NRK, og Karin Flølo, Firda, i det nye styret.
Dag Frøyen, Firdaposten, Geir Bjarte Hjetland, Sogn Avis og Odd L. Drabløs, Fjordenes Tidende, er varamedlemmer.