NRK Sogn og Fjordane, med Eva Westvik i spissen, har laga 12 nye episodar av den populære barne-tv-serien på NRK Super. Dei aller fleste episodane går i haust, men to episodar har fått spesielle datoar dei skal gå.
Siste episode av sesong 6 blir sendt 16. mai. Her kan du sjå denne episoden:
Tone er aspirant i musikkorps. Visst ho klarar å lære seg alt, skal ho få spele i toget 17. mai. Det er litt vanskeleg, for Tone er redd for å misse noteheftet eller å snuble.
- DU KAN SJÅ «HER ER EG!» HOS NRK SUPER
- LES OGSÅ:
Til saman 155 000 personar såg sesongpremiera om Andreas Årseth frå Jølster, som utfordra bestefar sin i golf. Av sjåargruppa var 99 000 born.
- LES OGSÅ:
Det kommande året får barne-tv-publikumet stifte kjennskap med 13 born frå Sogn og Fjordane i serien Westvik skildrar som kvardagsdokumentarar.
Her er eg 2010 – tolv episodar:
Andreas
Barne-tv måndadg 20. september
Andreas har lyst til å slå bestefar i golf. Men bestefar er veldig god, og har mange fine premiar i hylla. I dag skal Andreas spele mot bestefar. Men det skjer mykje rart. Ballen hamnar i ei maurtue! Det spørs om Andreas klarar å vinne over bestefar.
Kristianne
Barne-tv måndag 27. september
Kristianne elskar å lese bøker. Men på øya der ho bur er det ikkje bibliotek. Heldigvis finst Bokbåten. Kristianne er spent kvar gong Bokbåten kjem til øya. Eit flytande bibliotek full av nye bøker og nye eventyr.
Aron
Aron vil lære å surfe, slik som mamma. Men mamma seier han er for liten. Tidleg ein morgon listar Aron seg ut mens mamma søv. På stranda møter han ein stor venn. Simen skal lære Aron å surfe. Tenk så overraska mamma blir!
Sandra
Sandra gledar seg til denne dagen i barnehagen. For i dag skal barnehagen få høner. Sandra håpar hønene snart blir så store at dei legg egg, for då kan dei opne eggbutikk og ete så mange vaflar dei vil!
Marco
Marco sin bestefar er styrmann ombord i ein kjempestor båt. Når Marco besøker bestefar ombord er han redd for å gå seg vill. Det er fort å gløyme seg, for båten er full av spennande ting. Marco håpar han får prøve den store heisekranen.
Ronja
Ronja har verdas beste venn, som heiter Ellisiv. Men i morgon skal Ronja flytte til ein plass langt vekk frå bestevennen. Det blir trist. Kanskje finn Ronja nye venner i den nye barnehagen?
Viktoria
Viktoria sin pappa er bakar. Midt på natta får Viktoria vere med pappa på bakeriet. Dei listar seg ut, for mamma må ikkje vite kva dei skal. Viktoria vil overraske mamma med sjølvbaka bollar til frukost.
Laura
Laura og storesøster Julie søv i same seng. Men snart skal dei få kvar sine rom. Laura er spent på om ho får sove i den nye prinsessesenga – heilt åleine utan storesøster.
Hanna
Hanna går på ballett. Der øvar dei på ein vanskeleg dans, som heiter Svanesjøen. Snart skal dei vise fram dansen på ei stor framsyning med mange folk som skal sjå. Hanna håpar ho klarar å hugse heile den vanskelege dansen. Draumen er å ein dag bli prima ballerina!
Henriette
Henriette er ute og akar med dukka si. Mamma er på jobb, ho køyrer sjukebil. Dukka krasjar i gjerdet og misser armen. Henriette skundar seg for å ringe til mamma. Ho håpar mamma har tid til å hjelpe.
Andrea og Kristina
Det er nyttårsafta. Systrene Andrea og Kristina skal kle seg ut og gå nyttårsbukk. Ilag med vennene sine, går dei frå hus til hus for å få masse godteri. Godteriet gøymer dei under senga, slik at dei kan ete snop midt på natta!
Tone
Tone er aspirant i musikkorps. Visst ho klarar å lære seg alt, skal ho få spele i toget 17. mai. Det er litt vanskeleg, for Tone er redd for å misse noteheftet eller å snuble.