Hopp til innhold

Legg motbakkeløp gjennom tunnel

Skal du vere med i motbakkeløpet Aosen Opp, må du springe gjennom ein to kilometer lang tunnel.

Kristin Seim i ÅTIL

GLER SEG: Kristin Seim i Årdalstangen IL ønskjer velkommen til Norges kanskje mest spesielle motbakkeløp.

Foto: Steinar Kvigne / porten.no

Ingen kan matche arrangørane av Aosen Opp på originalitet, skriv porten.no:

For medan det har blitt veldig mange motbakkeløp, er nok ideen om å leggje løpet gjennom Ofredalstunnelen i Årdal kommune noko heilt utanom det vanlege.

Ofredalstunnelen er verdas brattaste tunnel, og har mellom anna vore omtala i NRK-programmet «Norsk attraksjon» med Linda Eide.

Håpar å lage litt liv i tunnelen

Som deltakar i Aosen Opp må du ta deg gjennom den spesielle og bratte tunnelen til fots.

- Etterkvart er det svært mange som har køyrt gjennom den bratte biltunnelen, men det er vel svært få som har gått gjennom den. Og det blir nok den store utfordringen i dette løpet, seier leiar Tor Henanger i skigruppa i Årdalstangen IL.

- Vi kan ikkje love at det er grevling i taket, men kanskje kan vi få til litt liv i tunnelen, seier han til porten.no.

LES OGSÅ:

(Artikkelen held fram under biletet)

Ofredalstunnelen

BRATT: Her skal løparane få pressa seg hardt...

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Startar ved fjorden - endar på fjellet

Motbakkeløpet blir noko for seg sjølv i den enorme floraen av motbakkeløp.

Søndag blir det uvanlege løpet ein realitet: Det startar heilt nede ved fjorden og følgjer bilvegen via Ofredalstunnelen opp til Aosahytta på om lag 730 meter over havet.

- Vi er sjølvsagt litt spente sidan dette er første gongen, men vi håpar i alle fall at lokale folk stiller opp, seier Kristin Seim i ÅTIL til porten.no.