Hopp til innhold

Navarsete blir kalla inn på teppet

Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete må forklare seg for Stortinget sin kontrollkomité etter gåverotet.

Liv Signe Navarsete

MÅ SVARE: Sp-leiar og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete er i hardt vêr.

Foto: Per Onsheim / NRK

Kontroll- og konstitusjonskomitéen krev at Navarsete gjer greie for den ulovlege pengestøtten partiet har motteke, og seinare betalt tilbake til kraftselskapet Eidsiva.

  • Høyr Liv Sgne Navarsete snakke ut i dagens onsdagsportrett på NRK Sogn og Fjordane si føremiddagssending frå klokka 11.03.

Også Sp-arar krev svar

Høyre har tatt initiativet til innkallinga, men også Navarsete sine eigne raudgrøne kollegaer kontrollkomitéen krev ei forklaring, skriv tv2nyhetene.no.

Spørsmålet komitéen krev svar på er korvidt Sp-leiaren informerte Magnhild Meltveit Kleppa og dei andre statsrådane om at Eidsiva hadde gitt Senterpartiet 500.000 kroner i ulovleg pengestøtte.

– Det er lang tradisjon i Norge for at vi er med på å stille dei spørsmåla som måtte vere, seier 1. nestleiar Ola Borten Moe (Sp) i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité til TV 2.

Han legg til grunn at både hans eigen partileiar og partiet bidreg til at alle spørsmål blir svart på ein skikkeleg måte.

Skuldar på Kleppa?

Navarsete har tidlegare i eit intervju med TV 2 lagt skulda på partikollega Magnhild Meltveit Kleppa.

– Dei signala som no kjem, tyder jo på at ho nå skyv ansvaret frå seg sjølv over på andre, som Kleppa. Det er eit veldig dårleg teikn for ein leiar. Det er sjølvsagt partileiaren si oppgåve å bidra til at partikollegaene ikkje blir sett i forlegenheit, seier leiar Anders Anundsen (Frp) i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité, Frp til TV 2.