Hopp til innhold

No kjem to våte dagar - og så sol

Til helga er det venta eit strålande haustvêr. Men først bør du finne fram regntøyet...

Høst i fjellet
Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Prognosane våre syner at onsdag og torsdag blir dei verste dagane i denne tidagarsperioden, seier statsmeteorolog Anna Reistad.

- Finn fram regntøyet ditt

Hausten har definitivt komme til Sogn og Fjordane. Det betyr høljande regn - men også dagar med strålande sol.

Sånn sett blir denne veka symptomatisk: Først er det venta store nedbørsmengder, men deretter kan du førebu deg på ei flott helg.

- Eg trur nok folk bør finne fram regntøyet onsdag og torsdag. Men frå fredag blir det langt finare vêr, varslar Reistad.

- Det blir fint i helga

Ifølgje langtidsvarselet til yr.no vil det falle 24 millimeter nedbør på onsdag. Torsdag er det venta 18 millimeter.

Men: Så er det duka for sol, sol og sol..

- Det klarnar opp på fredag, og til helga blir det veldig fint vêr, smiler meteorologen.

Høstblader i sol

HAUST: Det er venta fint vêr til helga. Dette er noko av det du kan sjå utandørs...

Foto: Scanpix