Hopp til innhold

Fjorden full av kval

- Dette er ei oppleving som kjem berre ein gong i livet, seier Kirsten Gram Kristiansen etter møtet med grindkvalane i Hellefjorden.

Grindkval

Nærare hundre grindkvalar tok turen til Hellefjorden laurdag ettermiddag.

Foto: Kirsten Gram Kristiansen

- Det må ha vore mellom 50 og 100 kvalar i fjorden, seier Kirsten Gram Kristiansen.

Forstod ikkje kva det var

Grindkval

Kvalane kom heilt nærme båten til eketeparet Kristiansen

Foto: Kirsten Gram Kristiansen

Ho var heime saman med mannen sin og laga middag då dei oppdaga noko ute i fjorden.

- Mannen min Helge sa han såg noko rart i fjorden. Eg kom for å å sjå også, og til slutt bestemte vi oss for å reise ut med båten for å finne ut av kva det var, seier Kristiansen.

Då dei kom utpå Hellefjorden utanfor Florø såg dei at det var grindkvalar som leika seg.

Fem meter lange

- Dei største var vel fire-fem meter lange. Og dei kom så nære båten at vi fekk skikkeleg nærkontakt med dei. Dei symde mot båten, men dukka under like før dei trefte ripa. Så kom dei opp på andre sida att.

Ho har budd i Florø i fleire år, men har aldri sett noko liknande før.

- Det var berre heilt utruleg. Å høyre lyden av dei når dei var oppe for å puste var fantastisk. Eg klarar ikkje å skildre korleis det var, anna enn at det var ei oppleving for livet.

(Artikkelen held fram under bilete)

Grindkval

- Det var eit fantastisk syn og utruleg oppleving, fortel Kirsten Gram Kristiansen.

Foto: Kirsten Gram Kristiansen

Liknande stimar i Frøysjøen

Ho og mannen vart sitjande i båten og følgje med på kvalane som leika seg.

- Dei var dovne og brydde seg ikkje noko om at vi var der ute saman med dei.

Kystvakta dukka også opp på fjorden, og ekteparet snakka med dei for å høyre om dei hadde sett noko liknande.

-Fantastisk

Grinkval

Dei største kvalane var opp mot fem meter lange

Foto: Kirsten Gram Kristiansen

- Dei fortalde at dei hadde sett liknande stimar i Frøysjøen like før dei kom til Hellefjorden, seier Kristensen.

Kvalane var mørkegrå i farge, og var ikkje like store.

- Det kunne sjå ut som at det var nokre kvalungar med der også.

For ekteparet vart det ei oppleving heilt utanom det vanlege.

- Eg vil nok sikkert ikkje få oppleve noko liknande att. Det var berre heilt fantastisk å sjå dei symje rundt i fjorden.