Hopp til innhold

Er framleis i tet etter tapet

Tornado-Måløy er framleis i tet i 3.divisjon. Men Stryn ligg berre fem poeng bak tabelleiaren.

Årdal -Tornado Måløy

Tornado-Måløy har 46 vpoeng etter kampane som vart spelt i 3.divisjon laurdag.

Foto: Siren B. Svortevik

No har Tornado-Måløy 46 poeng og leiar 3.divisjonslista. Men tapet på bortebane på Stryn stadion i dag var surt for nordfjordingane.

Kan framleis kome i 2.divisjon

Likevel er vegen til 2.divisjon ikkje så langt vekke.Dei har att to heimekampar mot botnlaga Høyang og Jølster. Og dei leiar tabellen med fem poeng.

Men trass i at draumen om 2.divisjon ikkje er knust, var dei ikkje nøgde i dag.

- Dei var skuffa etter kampen, det var tydeleg, seier NRK-journalist Inge Kjell Holme.

Usamd med dommaren

I andreomgang vart det dramatisk då Tornado-Måløy bomma på ei straffe og like etter fekk ein mann utvist.

- Dei var ikkje samde i at spelaren Børge Yndestad skulle få raudt kort, seier Holme.

Men medan dei besøkande gjekk til garderoben utan smil om munnen, stod det annleis til for heimelaget.

Imponert over sine eigne

- Det var rett å dele ut korta han gjorde i kampen, seier strynetrenar Edvard Nordang.

Han var imponert over at spelarane hans klarte å snu kampen.

- Spesielt sidan toppscoraren vår Christian Holte er ute.