Hopp til innhold

Dramatikk på overtid i Stryn

Etter ein intens 2.omgang med straffe og utvisning klarte Stryn til slutt å slå tabelleiaren 2-1.

Årdal -Tornado Måløy

Tornado-Måløy ligg øvst på tabellen i 3.divisjon. Dei har fire kampar att i serien, og er lystne på 2.divisjonsspel. Her frå ein kamp mot Årdal tidlegare i år.

Foto: Siren B. Svortevik

Etter ein laber førsteomgang tok kampen mellom dei to tabelltoppane Stryn og Tornado-Måløy seg kraftig opp i andreomgang på Stryn stadion laurdag ettermiddag.

Dramatisk 2.omgang

Børge Yndestad

Børge Yndestad bomma på straffe mot Stryn, og vart like etter utvist.

Foto: Inge Kjell Holme

For både tempo og dramatikken auka då spelarane kom tilbake på bana etter pausen. Ved pause leia Tornado-Måløy 1-0.

I andreomgang scora Mathias Eikenes på Stryn slik at det vart 1-1.

- Det var fortent at Stryn gjekk opp leiinga i andre omgang. Dei har vunne alt av duellar i omgangen, seier NRK sin journalist på kampen Inge Kjell Holme.

Petur Heidur Kristjansson førte Stryn opp i 2- 1, og dermed vart det vill jubel for heimefansen.

Så auka dramatikken. Tornado-Måløy fekk straffe.

Og Bjørge Yndestad frå laget skulle ta straffen, men keeperen på Stryn redda.

Jamn 1.omgang

Tornado-Måløy mot Stryn

Mellom 300-400 er på Stryn stadion for å få med seg oppgjeret i 3.divisjon

Foto: Inge Kjell Holme / NRK

Deretter vart han utvist frå kampen etter å ha ha rive ned ein motspelar.

Holme fortel at det var ein nokså jamn førsteomgang i kampen mellom Stryn og Tornado -Måløy.

- Det har vore ein sjansefattig førsteomgang.

Har same laget

- Vi stiller med det same mannskapet som vi har hatt i dei to siste kampane, seier Tornado-trenar Geir Ove Refvik.

Kampen i Stryn var 3.divisjon sin toppkamp denne runden.

Stryn gjorde det vanskeleg for seg sjølv med tap borte mot Fjøra sist runde. Tornado Måløy FK slo Jølster 2-1 heime, og avstanden mellom laga før denne runda er no 8 poeng.

Toppar tabellen

mathias Eikenes

Helt på Stryn sitt 3.divisjonslag Mathias Eikenes. Han scora på heimebane laurdag.

Foto: Inge Kjell Holme / NRK

Før kampen laurdag toppa Tornado Måløy tabbelen med 46 poeng. Stryn hadde 38 poeng på andreplass.

Etter kampen er er det framleis Tornado-Måløy som ligg i tet, men Stryn har klatra til 41 poeng.

Sjølv med tap i dag så ser det ut til at Tornado Måløy vinn heile serien på grunn av den store leiinga dei har. To av dei siste kampane dei skal spele er heime mot Jølster og Høyang som slit på botn av tabellen begge to.

Fleire viktige kampar

Andre som spelar kamp i dag er Jølster mot Florø, Høyang mot Eid, Dale mot Fjøra og Årdal mot Vik.

Måndag går kampen Sogndal 2 - Sandane.