Hopp til innhold

Har dei beste leiarane i landet

Norske leiarar blir knuste i ei kompetansekåring av Europas beste leiarar. Men de beste leiarane i Norge finn ein i Sogn og Fjordane.

Næringsliv i Sogn og Fjordane
Foto: NRK

I fjordfylket er leiarane 10 prosentpoeng meir kompetente enn i resten av landet, ifølgje kåringa.

Tømte administrasjonsbygget

Driftsleiar Espen Sortevik hos Elkem Bremanger meiner sjefane i fylket er gode på å vere nære gutta på golvet.

– Før hadde vi eige administrasjonssbygg, no har heile leiinga flytta inn i bedrifta - og alle går i arbeidsklede, seier Sortevik.

Men det er slett ikkje tilfeldig at sjefane i vestlandsfylket er best i kåringa, meiner forbundsleiar Jan Olav Brekke i fagorgansisasjonen Lederne.

– Kontinuitet i leiarskapet og kanskje også det at ein gjerne går gradene innan bedrifta kan vere med å gi stor grad av tillit, trur Brekke

Meir lojale

Sortevik som er mellomleiar på Elkem-anlegget i Svelgen er heilt samd med forbundsleiaren.

– Eg trur leiarar og folk som jobbar i Sogn og Fjordane stort sett er litt meir lojale mot arbeidsgjevarane. På einsidige industristader er det vanskeleg å hoppe mellom arbeidsgjevarar. Ergo blir lojaliteten og engasjementet for å bevare arbeidsplassen større, seier Elkem-leiaren.

I Oslo og andre storbyar har ein derimot for mykje rastløshet, meiner Brekke.

– Dette med stabilitet er kanskje ikkje så framtredande der. Det er meir rotasjon og ein kjem gjerne inn frå andre stader og er ei kortare tid i bedrifta.

Alle snakkar med alle

Men sjølv leiarane i Sogn og Fjordane blir knust av Europa. Mens den subjektive opplevinga av leiarane sin kompetanse hamnar på 72 prosent i fylket, hamnar Europas 100 Beste verksemder på 91 prosent i snitt.

Artikklen held fram.

Elkem Bremanger

SOM «GUTTA PÅ GØLVET»: Leiinga ved Elkem Bremanger flytta ut av administrasjonbygget og inn i produksjonen. - Vi kler oss i arbeidsklede og alle snakkar med alle, seier driftsleiar Espen Sortevik.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Dritfsleiar Sortevik seier han sjølv har blitt skremd av topptunge europeiske leiarar.

– Eg har meir tru på den norske modellen med openheit der alle snakkar med alle. I Europa har ein gjerne ein meir autoritær stil.

Trekkjer kaffi sjølv

Sortevik ber fleire sjefar gjere som han, og komme seg i arbeidskleda til vanlege tilsette. Han er stolt av at Elkem-leiarane i Bremanger går i samme bunad som dei tilsette.

– Til dømes sat eg i møte med fem mann i England for eit par år sidan. Vi fekk spørsmål om vi ville ha meir kaffi. Traktaren stod rett attmed oss, men møteleiaren gjekk ut og henta ein sekretær som sette på vatn. Eg følte meg ganske flau. Koke ein kopp kaffi, det burde vi klare sjølv. Denne sekretæren tør nok ikkje å openlyst kritisere sin sjef. Det er slik det er i desse landa. Då er eg heller ikkje særleg overbevist om at undersøkingane blir så gode, heller, seier Sortevik.

2000 leiarar deltok

Sjefane i Sogn og Fjordane kan gle seg over at dei skårer 10 prosentpoeng høgare på kompetanse enn i resten av landet.

Lederne feirar sine 100 år 16. og 17. september og feirer med å kartleggje seg sjølve. Over 2000 norske leiarar har deltatt i ein studien Lederne har gjennomført for å kartleggje kompetansen til eigne medlemmer.

10 prosent over landssnittet

Det å vere ein kompetent leiar innheld ei rekkje variablar som vil variere frå arbeidsplass til arbeidsplass og frå person til person. Utan å definere objektive kriterier har studien kartlagd den enkelte leiaren si subjektive oppleving av sin eigen leiar/leiarar sin kompetanse.

I undersøkinga scorer leiarar i Sogn og Fjordane 72 prosentpoeng, landsgjennomsnitt er 62 prosent, mens leiarane i Europas 100 beste verksemder scorar 91 prosentpoeng.