Hopp til innhold

Lomheim i Kringkastingsrådet

Kulturdepartementet gav klarsignal i dag.

Lomheim
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Sylfest Lomheim er oppnemnd som ny nestleiar i Kringkastingsrådet.

Kjenner NRK godt

Den tidlegare direktøren i Språkrådet vart oppnevt av Kulturdepartementet i dag.

Lomheim har god kjennskap til NRK både gjennom arbeidet i P2 programmet Språkteigen og som nynorsk språk-konsulent.

Kringkastingsrådets oppgave er nedfelt i Lov om kringkasting av 1992.

Les meir om kringkastingsrådet her

Tek opp saker

Rådet skal drøfte og uttale seg om hovudlinjene for programverksemda i Norsk rikskringkasting.

Rådet uttalar seg i dei programsakene som kringkastingssjefen legg fram, elelr som rådet finn grunn til å ta opp etter initiativ fra eit medlem eller fra lyttarar og sjåarar.

NRK sitt styre og kringkastingssjefen kan også innhente rådets fråsegner i administrative og økonomiske saker.