Krev 410 000 for skadd elev

Ei 13 år gamal jente vart skadd i ein gymtime ved Naustdal skule. No krev mora 410 000 kroner i erstatning.
Foto: Ottar Starheim/NRKEi mor i Naustdal stemner kommunen for retten etter at dotter hennar skadde seg i ryggen under ein gymnastikktime ved skulen.
Publisert 14.09.2010 08:58.
- Kommentarer
- Skriv ut
Påstanden er at kommunen har ansvar for skaden jenta vart påførd og at kommunen skal betale 410 878 kroner i erstatning, skriv avisa Firda.
- LES OGSÅ: Skule politimeld etter uhell
- Vi veit per i dag heller ikkje om jenta vil få varige mein, men om så er tilfelle, vil vi måtte ta dette opp når dette er avklart, seier mor til jenta til avisa.
Avviser skuld
Uhellet skjedde 11. sepptember i fjor då elevane bygde pyramide/tårn med eigne kroppar på kunstgrasbana. Jenta stod i midten nede med armar og kne i bakken, og med elevar ståande på ryggen hennar, då ho kjende at noko knakk i ryggen. Jenta var heime i kring to månadar etter uhellet. Ho får framleis behandling for skadene.
Erstatningsbeløpet skal dekkje tapt arbeidsforteneste til mora og utgifter til undersøkingar og medisinsk behandling av den 13 år gamle dottera.
KLP Skadeforsikring meiner på si side at det ikkje ligg føre ansvarsgrunnlag i saka og at kommunen må frifinnast. Erstatningsspørsmålet blir avvist.
Saka startar tysdag i Fjordane tingrett. Det er sett av tre dagar til saka.

















Sol og sommar i fylket