Hopp til innhold

Eithun tek over etter Kjemperud

Vegard Høidalen (37) får Geir Eithun (31) frå Førde som sin nye makker i sandvolleyball.

Geir Eithun og Vegard Høidalen

SATSAR: Geir Eithun (t.v.) og Vegard Høidalen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Jørre Kjemperud og Vegard Høidalen

GÅR KVAR SIN VEG: Jørre Kjemperud og Vegard Høidalen har lenge vore blant Norges mest profilerte duoar i sandvolleyball.

Foto: E.Stensvoll

Høidalen har i ei årrekkje vore heilt i verdstoppen i sandvolleyball saman med makker Jørre Kjemperud. No avsluttar dei to samarbeidet.

– Vegard trengde ein ny makker, og eg har vore på jakt etter ein meir profilert makker. Vi er nok godt nøgde begge to, seier Geir Eithun.

Satsar mot OL

Han vann i helga Norgestouren i sandvolleyball saman med makker Ronny Berntsen. No ønskjer han å satse fram mot London-OL i 2012 saman med Høidalen.

– Eg ser fram mot å spele med ein veldig erfaren makker. Han er ein veldig god volleyballspelar som eg trur eg kan oppnå gode resultat saman med. Sjølv har eg sett OL i 2012 og OL i Rio i 2016 som personlege mål, seier 31 år gamle Eithun.

Eit førebels høgdepunkt

Han har opplevd mykje både som utanlandsproff i volleyball, og cup- og seriemeisterskap med Førde. Framfor årets sesong satsa han for fullt på sandvolly.

– Det å få Vegard som makker er nok høgdepunktet så langt, i alle fall i sandvolleyball-karrieren, seier sunnfjordingen.

Worldtour neste år

Eithun skal spele ei siste turnering med Eskil Holtan i sesongavslutninga, før han og Høidalen satsar for fullt.

– Det blir veldig spennande. No blir det å ta eit steg vidare opp mot Worldtour. Skal ein nå OL må ein etablere seg i hovudrunden i Worldtour-turneringane. Målet er å delta i flest mogleg hovudrundar neste år.

Sandvolleyball på heiltid

Med Høidalen som makker førebur Eithun seg på å bli idrettsutøvar på heiltid frå årsskiftet.

– Skal vi nå målsetjinga vår, må det bli fullproffesjonelt. Men eg kjem framleis til å spele nokre kampar og vere engasjert i vollebyallmiljøet i Førde, seier Geir Eithun.

Han håpar ein meir profilert makker også skal vise att i auka velvilje hos sponsorar og andre støttespelarar.