Her der det dyrast å kjøpte hus

Sogndal har den høgaste snittprisen per kvardratmeter bustad i fylket.
Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK /FylkesleksikonStørste skilnaden på nesten 20 000 kroner for hus i Sogn og Fjordane.
Publisert 10.09.2010 12:07.
- Skriv ut
- Eg er ikkje overraska over prisforskjellane, seier Heidi Berge eigedomsmeklar i
Pris på hus i Sogn og Fjordane
- Her er oversikt over kva gjennomsnittsprisen per kvadratmeter er i kommunane i fylket:
- Florø: 17 741
- Eid: 14 699
- Selje: 11 429
- Askvoll: 7901
- Solund: 11 793
- Gulen: 19 761
- Høyanger: 7149
- Naustdal: 14 061
- Gloppen: 13 227
- Stryn: 13 322
- Årdal: 14 885
- Sogndal: 27 132
- Leikanger: 8247
- Vik: 15 857
- Luster: 13 412
- Lærdal: 21 127
- Fjaler: 13 613
- Gaular: 14 999
- Førde: 19 202
- Jølster: 13 089
- Bremanger: 8229
- Vågsøy: 8113
- Hornindal: 18 115
- Aurland og Balestrand har ingen hus til sals
- Hyllestad har eitt hus til sals til ein pris av 1 780 000,- for 97 kvadratmeter
Kjelde: Finn.no
Sparebanken Sogn og Fjordane.
- LES OGSÅ: Bustaden din er stadig meir verdt
Sogndal på topp
Prisen på eit husvere i fylket varier veldig frå kommune til kommune. Gjennomsnittsprisen per kvadratmeter er i per dags dato i Sogn og Fjordane 15 835 kroner.
Skal du kjøpe hus i Sogndal må du punge ut. Der er snittprisen høgast på 27 132 kroner per kvadratmeter ifølgje Finn.no.
- Sogndal har hatt ein del utbyggingar av leilegheiter dei seinare åra. Og sentrum i Sogndal er eit pressområde, seier Berge.
- LES OGSÅ: Kraftig brems i bustadbygginga
Store lokale skilnader

Vågsøy har låge snittpris samanlikna med mange andre kommunar i Sogn og Fjordane.
Foto: Ottar Starheim/NRK/FylkesleksikonDet fører til at prisen går opp. Og tru det eller ei, men jo lågare kvadratmeter bustaden har, jo høgare vert prisen.
- Det er slik at det er leilegheiter som kostar mest, og då spesietl nye leilegheiter.
Men ein treng ikkje reise langt frå Sogndal for å få rimelegare bustader. I Leikanger er gjennomsnittsprisen per kvadratmeter på 8 247 kroner.
- LES OGSÅ: Her er det best å bu
«Jo mindre kvadratmeter ei bueining har, jo høgare vert prisen.
»
Heidi Berge, eigedomsmeklar
Høyanger på botn

Høyanger har den lågaste prisen for bustader i fylket. Her er snittprisen per kvadratmeter 7149 kroner.
Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK /FylkesleksikonHøyanger ligg på botn av lista over snittpris på 7 149 kroner per kvadratmeter.
- Høyanger har ein del eldre bustader, og då einebustader. Det fører til at prisen går ned. Dei har slite på arbeidsmarknaden i tillegg, og det fører også til at prisane ikkje går opp, forklarer eigedomsmeklaren.
Korleis det går med viktige arbeidsplassar som Hydro og Fundo har også vore med på å justere prisane på bustader i området.
- Det har vore slik i mange år, seier Berge.
- LES OGSÅ: Nedgangstider for bustadmarknaden
Kan koste 30 000 pr/kvm

I Førde er det mange nybygg som dreg prisen opp i bustadmarknaden.
Foto: Kjell Arvid Stølen/NRKFørde ligg lågare enn Sogndal. Berge seier Sunnfjordbyen har ein god variasjon av bustader.
- I Førde varierer prisane veldig. Det er jo kjendt at nye leilegheiter i området kostar mykje. Der kan prisen komme opp i 30 000 kroner per kvadratmeter, seier ho.
Men har du ei leilegheit frå 70-tallet går prisen ned.
- Snittprisen i Førde er lågare enn i Sogndal, men det trur eg har noko med miksen i bustadane.
- LES OGSÅ: - Sats på få tettstader
Ingen hus til sals
Det er to kommunar som ikkje har bustader til sals per dags dato. Det er Aurland og Balestrand.
I Hyllestad er det eitt hus til sals til ein pris av 1 780 000 kroner for 97 kvadratmeter.
Les
Siste: Sogn og Fjordane
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
Han har bakt 1200 morsdagskaker - June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass


















Melodi Grand Prix i Florø