Fullstendig nederlag i bupliktsak

Ekteparet Roger og Olga J. Eikenæs Frøholm tapte ankesaka mot Fylkesmannen i Gulating lagmannsrett.
Foto: Vegar Erstad/NRKEkteparet Olga og Roger Frøholm i Stryn gjekk på eit knusande nederlag i bupliktsaka.
Publisert 10.09.2010 06:00.
- Kommentarer
- Skriv ut
Gulating lagmannsrett avviste anken over vedtaket til både Fjordane tingrett og fylkeslandbruksstyret sitt vedtak om å gje Roger Frøholm dispensasjon frå buplikta.
Før ankesaka kom opp i lagmannsretten, truga ekteparet med å ta ut seperasjon om vedtaket i tingretten vart ståande.
- LES OGSÅ: Bøndene kritiserer strynefamilie
- For oss er det utruleg sjokkerande. Vi har ikkje fått lest domen sjølve endå, men må sette oss ned og lese nøye gjennom den og sjå kva som skjer vidare, seier Olga J. Eikenæs Frøholm.
Kan drive med overskot
Saka starta då ektemannen hennar arva eit gardsbruk i Olden i 2004. Etter eitt års fritak frå buplikta, fekk ikkje familien forlenga fritak. Men familien ville ikkje forlate huset sitt i Stryn for å flytte til det gamle gardsbruket på Eide og gjekk rettens veg.
Å setje det utdaterte huset i stand, eller å byggje nytt, vil koste familien store beløp. I tillegg meiner advokaten deira, Stig Rekdal, at familien kan gå nærare 30 kroner i timen i minus dersom dei må drive det vesle småbruket på kring 150 da.
Fylkeslandsbruksstyret meiner derimot at familien kan drive garden med overskot.
(Artikkelen held fram under TV-innslaget)
SJÅ: Familien truga med seperasjon og skilsmisse om buplikta vart ståande.
Gjorde ikkje gjort feil
Lagmannsretten kunne ikkje finne at Fylkeslandbruksstyret har gjort feil eller lagt feil fakta til grunn i si avgjerd. Familien sitt argument om at vedtaket er i strid med EØS-avtalen, vart heller ikkje godteken.
- LES OGSÅ: - Buplikt i strid med EU-reglar
- Saka gjeld ein eigendom i Norge, og dreier seg om eit reint internt forhold, utan noko grenseoverskridande element som kunne bringe EØS-retten til bruk, skriv tingrettsdommar Arne Vikse.
Tapte fullstendig
Dermed tapte familien fullstendig i lagmannsretten.
I tillegg til kostnadane til eigne advokatar, må familien betale Fylkesmannen sine sakskostnader på 50 775 kroner.
- Vi føler dette slett ikkje er rettferdig. Så lenge ein ikkje har gjort noko kriminelt, så trudde eg at ein hadde lov å gjere det ein ville i eige land. Men det syner igjen at ein ikkje har ein eigedomsrett som fungerer, seier Frøholm.
Les
Siste: Sogn og Fjordane
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
Han har bakt 1200 morsdagskaker - June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass


















Melodi Grand Prix i Florø