Utsiktsbru i prestisjemagasin

Brua på vegen mellom Aurland og Lærdal strekkjer seg 33 meter ut frå det bratte terrenget.
Foto: Brit Jorunn Svanes/NRKDen spektakulære utsiktsbrua ved Stegastein i Aurland er over heile framsida på det kjende amerikanske tidsskriftet Architecture.
Publisert 14.07.2006 12:41.
- Skriv ut
Inne i bladet følgjer fleire foto samt ein begeistra omtale av prosjektet. Det skriv Bergens Tidende.
Brua strekkjer seg 33 meter ut frå det bratte terrenget omlag 650 meter over fjorden.
Utsiktsbrua på fylkesveg 243, mellom Aurland og Lærdal, er ein del av den statlege satsinga på norske turistvegar. Den svingete og smale vegen er open på sommarstid og er ei heilt anna oppleving samanlikna med den lange og mørke tunnelen i fjellet under.
No kan ein altså sjå den spektakulære brua i det prestisjetunge fagbladet Architecture. Det amerikanske magasinet har kome ut i 93 år, har rundt 88.000 abonnentar der over 76.000 av dei er arkitektar.

Den spektakulære Aurlandsbrua på framsida av det kjende fagbladet.
Foto: Faksimile frå Architecture./ingen
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket