10.02.2012

Får byggje veg for 342 millionar

Dalsfjordbrua (Foto: Teikning: Statens vegvesen)

Heile Dalsfjordsambandet skal stå ferdig hausten 2013.

Foto: Teikning: Statens vegvesen

NCC har fått kontrakten om å byggje veg og tunnel på Dalsfjordsambandet. Kontrakten er verd 342 millionar kroner.

NCC Construction Norge fekk oppdraget av fylkeskommunen.

– Dei kom med det lågaste tilbodet og vi har kontrollert at det er i samsvar med tilbodsgrunnlaget, seier prosjektleiar i Statens vegvesen Einar Hovland i ei pressemelding.

– Vi gler oss

Dalsfjordsambandet skal sørge for ein fergefri veg mellom Eikenes i Askvoll og Dale og Sætenes i Fjaler.

- Vi tykkjer dette er ein veldig interessant jobb, og gler oss til å vere med på å lage en ny fergefri strekning som vil lette kommunikasjonen mellom Askvoll og Fjaler, seier distriktssjef Knut Liavaag i NCC Construction.

5,2 km veg

I kontrakten inngår bygging av til saman 5,2 kilometer vei og 4,2 kilometer med tunnel, på begge sider av Dalsfjorden. I tillegg skal det lagast avkøyringar, sidevegar, samt at det skal utførast sprengingsarbeid for fundamenta til hengebrua som skal byggast over sjølve Dalsfjorden.

Byrjar i september

Dette prosjektet er ein av dei tre entreprisane i Dalsfjordsambandet.

Anleggsarbeida starter i løpet av september, og delen til NCC skal vere ferdig i desember 2012. Dalsfjordsambandet skal etter planen stå ferdig seint på hausten 2013.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.