10.02.2012

To mista lappen i fartskontrollar

To bilistar vart fotgjengarar etter å ha køyrd for fort tysdag ettermiddag.

UP har hatt fleire kontrollar i løpet av dagen. På Skei i Jølster tok dei ein fartssyndar som køyrde 93 km/t i 60-sona på E39. Dermed rauk førarkortet.

Det same gjeld ein person i Stryn sentrum som køyrde 76 kmt/t i ei 50-sone. I tillegg fekk 12 bilistar forenkla førelegg for høg fart her. Ein sjåfør må betale for handhelden mobiltelefon og seks personar for manglande bruk av bilbelte.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.