10.02.2012

UP stoppa 25 som snakka i telefon

UP-kontroll på Hafstadflata på E39 i Førde (Foto: Oddleif Løset/NRK)

UP stod mellom anna på Hafstadflata på E39 i Førde.

Foto: Oddleif Løset/NRK

86 bilistar i Førde må punge ut etter å ha blitt stoppa av UP tysdag. Heile 24 snakka i telefon og 59 brukte ikkje belte.

Utrykningspolitiet har hatt fleire patruljer ute, og har hatt kontrollar på E39 og riksveg 5 ved Førde sentrum.

– Tilsaman skreiv patruljane ut 86 gebyr og forenkla førelegg, seier operasjonsleiar Inge Værøy i politiet. Han veit ikkje kor mange bilar som vart kontrollerte medan kontrollane pågjekk.

59 utan belte

59 personar fekk gebyr for manglande bilbelte og ein fekk gebyr for manglande førarkort.

Det høgaste førelegget fekk ein sjåfør som ikkje overheldt vikeplikta ved eit forgjengarfelt. 5200 kroner er beløpet for dette lovbrotet.

31 200 kroner for prating

24 bilistar må til saman betale 31 200 kroner for å ha snakk i mobiltelefon utan handsfree.

Ein annan bilist vart stoppa for det same, men nekta å vedta førelegget på 1300 kroner. Dermed vart føraren meldt for dette lovbrotet.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.