Garasje kostar kommunen dyrt

Dette er garasjen i Førde sentrum som har skapt mykje bryderi.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide/NRKFørde kommune vil betale tilsaman 345 000 kroner i erstatning for ein garasje som må vekk i sentrum. Dermed ser det ut til å vere slutt på ei langvarig konflikt.
Publisert 07.09.2010 19:23.
- Kommentarer
- Skriv ut
For kommunen har komme til semje med alle dei tre garasjeeigarane, og no skal saka opp i formannskapet og bystyre for godkjenning.
Den 36 kvadratmeter store garasjen vart i si tid sett opp i sentrum sør for mellom anna å verne tre bilar mot tissetrengde førdianarar nattestid. Administrasjonen i kommunen hadde gitt byggjeløyve og garasjen var ferdig i byrjinga av 2008.
I strid med reguleringsplanen
Men bygget skapte sterke reaksjonar blant mange og planutvalet bad administrasjonen ta ein ny gjennomgang av byggjesaka. Dermed vart det oppdaga at garasjen var i strid med reguleringsplanen for området, og lokalpolitikarane tok affære. Saka vart sendt til Fylkesmannen, som avgjorde at bygget måtte vekk.
Måtte ha advokathjelp
Kommunen kom raskt fram til ein avtale med to av partane, men i den tredje saka måtte det advokat til for å få ei løysing.
Dermed vart erstatningsbeløpet til alle heva, frå 90 000 kroner som to hadde akseptert, til 110 000 kroner. I tillegg får tredjemann dekka 15 000 kroner i advokatutgifter. Dermed må Førde kommune låne 345 000 kroner for å betale dei tre garasjeeigarane.
Pengar for tort og svie
Summen skal dekkje både dokumenterte utgifter og vere ei erstatning.
– Dette er vi blitt samde om i forhandlingar med partane. I summen på 110 000 kroner er det vel 10 000 - 20 000 kroner som er for tort og svie, seier rådmann Ole John Østenstad.
Letta rådmann
Rådmannen er glad for at saka ser ut til å vere over.
– Eg er letta for at vi har komme fram til ein minneleg avtale med dei tre partane og at dei skal komme skadeslause frå det. Det var viktig å komme til einigheit med partane utan at dei skulle li økonomisk.
Kommunen tek garasjen
I tillegg må kommunen ta kostnaden for å fjerne garasjen og for å asfaltere området slik det var før.
– Eg veit ikkje kva dette vil koste, men eg trur ikkje det blir dei store utgiftene. Garasjebygget skal kommunen overta, for teknisk drift har behov for ein garasje.
– Ei vanskeleg sak
Østenstad innrømmer at dette har vore ei vanskeleg sak å handere.
– Det har teke nokre år frå den vart sett opp og til vi ser ein ende på det. Difor er eg veldig nøgd med at vi er kome til ein slutt. Det har vore viktig for det politiske systemet at garasjen skulle vekk og at tilgangen til elva skulle vere fri.
– Har kommunen lært noko av dette?
– Ja, vi har sikkert lært noko. Dette har vore ei ulykksaleg sak der det vart gitt eit byggjeløyve som ikkje burde vore gitt. Feilen ligg på kommunen si side, og det har vi erkjent. Det er også difor det vart gitt ei erstatning for både utgifter og tort og svie.
Trur bystyret seier ja
Torsdag skal saka opp i formannskapet, og så skal bystyret ta endeleg avgjerd i slutten av september. Østenstad trur at det skal gå greitt.
– Formannskapet har vore veldig ivrig på at garasjen skal vekk, og det er det som har vore vårt mandat no. Difor føler eg meg rimeleg trygg på at dei støttar opp om dette.
Østenstad seier at kommunen må låne pengar til erstatninga, men at det ikkje skal gå ut over noko anna.
– Men det er klart det er ein kostnad vi skulle vore utan.

Det vekte sterke reaksjonar då dette bygget vart sett på i februar 2008.
Foto: Vegar Erstad/NRKLes
Siste: Sogn og Fjordane
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
Furnes kan bli fylkesleiar i KrF - Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen

















Melodi Grand Prix i Florø