09.02.2012

Fleire druknar i Sogn og Fjordane

Redningsbøye (Foto: Odd Vegard Kandal/NRK)

LIVREDDAR: Dei mange livbøyene som er plassert ut langs norskekysten kan vere skilnaden på liv og død.

Foto: Odd Vegard Kandal/NRK

Talet på drukningsulykker går ned på landsbasis, men aukar i Sogn og Fjordane.

Hittil i år har 60 personar omkomme som følgje av drukning. Det er 19 færre enn på same tid i fjor, men statistikken for Sogn og Fjordane er dyster lesnad.

Mens det i heile 2009 vart registrert eitt dødsfall som følgje av drukning, er det så langt i år registrert tre tilfelle i fylket; eitt tilfelle i januar, eitt i mars og eitt i juli.

Det viser tal frå Norsk Folkehjelp.

Alle fylkene, med unntak av Østfold og Svalbard har hatt drukningsulykker så langt i år. Vestfold toppar den dystre statistikken med seks drukningsulykker.

80 prosent av dei omkomne er menn, og dei viktigaste årsakene til drukningsulykker er fall frå båt eller bryggje. Men også under bading har ni menneske mista livet til no i år.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.